Januartreffet

Korleis blir 2023 for næringslivet i Øygarden?

Snart har vi vore gjennom tre år med stadige «angrep» frå faktorar ingen kunne forutsjå. Så korleis ser 2023 ut til å bli? Går det an å seie noko om framtida?

Velkommen til Januartreffet 2023 i Vest Næringsråd:

  • Vi ser på kva bedriftene har svart om året i NAV si marknadsundersøking – kva kan vi vente oss?
  • Mindre optimisme, men rekordhøg sysselsetting – korleis heng det saman?
  • Bedrifter går saman for bærekraftig utvikling – kva, korleis, kvifor?
  • Er du sikker på at hjartestartaren på jobb funkar?

Du får høyre mer om dette, og endå litt til!

Tid: Tysdag 24. januar 08.30-11.00
Stad: Straume Teknologisenter

08.30: Frukost m/mingling

09.00:

  • Færre optimistar, men samtidig mange i jobb. Inkluderingskontakt NAV, Ketil Skare
  • Dette skjer i verda som påverkar oss lokalt. Kva med 2023? Hogne Tyssøy

Pause m/mingling

  • Gjer ein forskjell! Mental trener, Anders Moe
  • Saman skaper vi berekraftig utvikling. Anita Vindenes, Sotra Gruppen, Tanja Svellingen, CCB og Elisabeth Vethe, TechnipFMC
  • Prosjekt hjartestartar. Ny giv for å gjere dei meir tilgjengelege. Camilla Nygård, Sparebanken Vest

11:00: Slutt 

keyboard_arrow_up