– Eigedomsskatt svekkar næringslivet i Fjell

edit today

– Vi skjønar at kommuneøkonomien er utfordrande, men dette er ikkje tida for å skrive ut skatt på næringsverksemd. No treng vi alle arbeidsplassar vi kan få, mener Roy-Eddy Lie.

Sotrabloggen er en næringsblogg for regionen vest for Bergen. Innleggene er personlige. Våre gjestebloggere får her mulighet til å fritt ytre seg om små og store temaer som de mener berører næringslivet. Denne gangen er det Roy-Eddy Lie, eiendomssjef i Liegruppen, som skriver.

I Fjell kommunestyre vart det i mars i år vedteke å starta opp taksering av verk og bruk og annan næringseigedom med sikte på mogleg innføring av eigedomsskatt frå og med 2016. Taksering av eigedomar er allereie i gang og Fjell kommune har leigd inn selskapet Eskan AS for å gjere jobben. Som representantar for deler av næringslivet i Fjell vil vi rette merksemda mot dei svært negative konsekvensane dersom ein vel å innføre eigedomsskatt.

Vi håpar og trur tankane og forarbeidet kring innføring av eigedomsskatt er gjort i ei tid kor næringslivet i Fjell var særs blømande og ekspansivt. Slik er det ikkje no.
Som kjent byrja oljeprisen å falle svært dramatisk på hausten i fjor.

Dei alvorlige effektane av dette såg vi først på vårparten i år, då meldingane om store oppseiingar i dei store viktige bedriftene på Ågotnes kom. Dette fall saman i tid med den store flyttinga av forsyningstenestene frå CCB Ågotnes til Mongstad base som også har ført med seg svært store bemanningsreduksjonar. Kor mange arbeidsplassar som har forsvunne i Fjell i 2015 er enno ikkje kjent, men vi våger å anslå at det må vere 4-500 arbeidsplassar?

Samstundes ser vi at både offentlege og private prognosemakarar meiner at vi går inn i nokre svært krevjande år. Av denne grunn vert det sentralt arbeidd med mogeleg skattereform der målet først og fremst er å senke selskapsskatten, for å betre vilkåra og der igjennom investeringslysta for næringslivet. Det er krevjande for norsk næringsliv no.

Samstundes som ein sentralt arbeider for å lette skatte- og avgiftstrykket på norsk næringsliv arbeider Fjell kommune med det motsette – innføring av eigedomsskatt. Tru det den som kan.

Som nemnt innleiingsvis håpar og trur vi tankane og forarbeidet kring innføring av eigedomsskatt er gjort i ei tid kor næringslivet i Fjell var særs blømande og ekspansivt. Slik er det ikkje no. Tankane om eigedomsskatt må snarast leggjast vekk. Som bedriftene elles må kommunen tilpasse sitt utgiftsnivå til dei inntektene ein har.

Vi skjønar at kommuneøkonomien er utfordrande, men dette er ikkje tida for å skrive ut skatt på næringsverksemd. No treng vi alle arbeidsplassar vi kan få.

Roy-Eddy Lie, Eigedomssjef i Liegruppen AS

Les også

keyboard_arrow_up