Marstreffet – Kunstig intelligens og ekte leiarar

Utviklinga innan KI skjer i formidabel fart. På dette treffet skal vi vise konkrete eksempel på korleis du kan bruke KI i kvardagen. Vi lovar at du lærer noko du ikkje kunne frå før.

Det er ingen tvil om at det skjer mykje rundt temaet kunstig intelligens. Utviklinga blir beskrive som eksponentiell.

Men kva betyr dette eigentleg, og er det relevant for oss og bedriftene i Øygarden? Det ser slik ut. Innan mange fagfelt vil kunstig intelligens kunne vera til hjelp.

På dette medlemstreffet viser vi korleis.

Mot slutten av treffet flyttar vi oss til Energimessa, der skuleelevar i Øygarden stiller ut sine berekraftige løysingar for framtida.

Tid: Torsdag 14. mars, kl. 08.30-11.00
Stad: ODEON Kino Sotra

08.30 Frukost og mingling

09.00 Velkommen

  • Kva er Generativ KI og kvifor er det aktuelt for så mange fag? PwC ved Thomas Herdlevær, Marleen Tengs Johansen og André Waage Rivenæs
    • Utvikling og framtidsutsikter innan Generativ KI
    • Slik kan du bruke Generativ KI i økonomifunksjonar
    • Er dette trygt? Utfordringane ved bruk
    • Praktiske eksempel som viser korleis lovverket kan påvirke bruk av KI

Pause

  • Klar for å få en kunstig assistent? Jonas Mikalsen, Compute
    • Bruker du Word, Excel og Outlook m.fl. så kan du snart slå på Copilot, din personlige assistent som skal sparer deg for tid og gjera deg meir produktiv. Kan dette stemma?
  • Ta tida tilbake. Mette Marthinussen Aanes, BI
    • KI som ressurs for deg som leiar

11.00 Slutt

Beklager, skjemaet er ikke lengre tilgjengelig.

keyboard_arrow_up