− Vi trengte ein ny kanal ut

edit today
Dei deler ikkje berre gang, lunsjbord og gründerånd. No deler dei også ny nettside for å nå ut med tenestene sine.

− Vi håpar sida gir god informasjon slik at det er enkelt å finna oss som er her, seier Jan-Ove Torsvik, som saman med Lone Kalvenes og Roald Steinsland har bygd opp den nye nettsida.

Målet er at nettsida blir brukt av næringslivet og kommune.

− Har næringslivet behov for noko så kan dei gå inn her og finna ut om nokon av oss kan gjera nettopp det, seier Torsvik.

Svært ulike tenester

Gründerparken Vest blei etablert etter initiativ frå Sartor Storsenter og dei tre vertskommunane Fjell, Sund og Øygarden, i samarbeid med Vest Næringsråd. Akkurat no er det 16 verksemder med til saman 25 tilsette.

Kva dei gjer og kva dei kan er svært forskjellig.

SLIK SER DEN UT: Her finn du alt om dei ulike verksemdene i Gründerparken Vest.

www.grunderparkenvest.no kan du lese om kvar einskild.

Roald Steinsland trur nettsida kan bli ein viktig kanal ut til næringslivet i regionen. Det har gründerane mangla.

− Det har ikkje vore mange henvendingar til oss frå næringslivet i regionen. Det er difor kjekt at dei veit om oss, tenestene og kompetanse vi har og at vi kan bistå dei ved behov, seier han.

Derfor trur han nettsida kan bli viktig framover.

− For oss som er her er bodskapen enkel: sats på oss! Vi vil skapa arbeidsplassar framover, og det er viktig for regionen vår, seier Steinsland.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up