100 bilder frå Øygardenkonferansen

By 30/12/2019Nyheter
Vest Næringsråd vil takka alle som bidro, og alle som kom og gjorde årets Øygardenkonferanse til ein suksess.

Fredag 29. november 2019 blei ein dag over all forventning. Panorama Hotell & Resort gjennomførte det praktiske med stor profesjonalitet. Det gjorde at vi som arrangør kunne førebu programmet og innhaldet på ein best mogleg måte.

Vi har fått svært mange gode tilbakemeldingar på konferansen, og vi vil gjera alt vi kan for at Øygardenkonferansen 2020 blir endå betre. Det strekkjer vi oss mot.

Ha ei god romjul og eit godt nytt år, og kos deg med hundre bilder frå konferansen og årsfesten 2019. Finn du deg sjølv?

Med venleg helsing oss i Vest Næringsråd

Rikard Toft Ledang og Anders Ekanger.

Sjå bilda frå konferansen her:
(Alle foto: Trude Brun Wilhelmsen)
Sjå bilda frå årsfesten i dei to bildegalleria under (Det er så mange bilder at det tar litt tid før dei dukkar opp…)

Author Anders Ekanger

Flere nyheter av Anders Ekanger
Liegruppen kjøper teknologisenteret
Vest Næringsråd
X