8 av 10 trur på oppgang frå no av

edit today
Nesten halvparten av bedriftene i Øygarden endte med et dårligere økonomisk resultat i 2020 enn året før. Men optimismen er stor for 2021.

55,9 prosent av dei spurte seier klart ja til at dei trur bedrifta sitt økonomiske resultat i år blir betre enn korona-kriseåret 2020. 27,1 prosent trur på eit uforandra resultat i år, medan berre 16,9 prosent svarar at utsiktene for året vi er inne i ser dårleg ut.

Det viser resultata av den siste landsdekkande undersøkinga for næringslivet i Noreg. 59 av medlemsbedriftene i Vest Næringsråd har svart på undersøkinga, og oppsummert kan vi konkludere med at over halvparten trur 2021 blir eit betre økonomisk år for bedrifta enn fjoråret.

Les meir om undersøkinga på nrk.no!

8 av 10 trur at botnen er nådd, og at vi går ei lysare framtid i møte. Kor lang tid det vil ta før bedriftene når tilbake til 2019-nivå er uvisst, men dei aller fleste trur det må gå eit år eller to.

TÅLMOD: To tredelar meiner det vil gå eit år eller to før bedrifta er tilbake på 2019-nivå.

På landsbasis har 4 av 10 bedrifter hatt økonomisk nedgang, og spesielt hardt ramma er reiseliv-, hotell- og restaurantbransen og kulturbransjen. Meir enn halvparten av alle bedriftene i desse næringane har hatt ein økonomisk nedgang på meir enn 50 prosent i fjor.

På den andre sida kan 4 av 10 norske bedrifter rapportere om økonomisk vekst. Den lynraske digitaliseringa frå mars 2020 gjorde at IKT-bransjen hadde eit særs godt år. 6 av 10 IKT-bedrifter fekk eit forbetra resultat, og like mange trur dei må tilsetje fleire i løpet av 2021.

Slik svarte bedriftene i vest! (Laster ned powerpoint-presentasjon)

Les også

keyboard_arrow_up