Årsfesten 2024

Om kvelden etter Øygardskonferansen arrangerer Vest Næringsråd årsfest for alle medlemsbedriftene. Skal du på konferansen først og vidare til årsfesten, får du i mellomtida bli med på Strilapub på hotellet med mat og drikke. Du kan også nytte tida imellom fritt i den flotte velværeavdelinga på hotellet.

Årsfesten er ein viktig arena for næringslivet der du får trerettars middag, underhaldning og musikk. Vi deler også ut heidersprisane «Årets Bedrift» og «Årets Fyrtårn».

Årsfesten
Tid: Fredag 8. november 18:00 – 23:00
Stad: Panorama Hotell & Resort

keyboard_arrow_up