Energimessa 2023 – Bærekraft

Energimessa vart arrangert første gong på Sotra Vidaregåande skule i 2014. Arrangementet var då ein del av linja Studiespesialisering med teknologifag. Den gryande digitale satsinga i grunnskulen og ønskje om å sikre regionen kortreist kompetanse, var årsaka til til at grunnskulen etterkvart kobla seg på.

Energimessa er eit samarbeid mellom Øygarden kommune og Vest Næringsråd. På messa tek det lokale næringsliv del. Det gjer også elevar frå ulike skular i regionen. På den måten får lokalsamfunnet sjå korleis næringsliv og skule møter framtidas endringar i samfunnet.

Formålet med Energimessa

  • Styrke og synleggjere elevar sin kompetanse knytt til LK20 og den Fjerde industrielle revolusjon.
  • Auke innovasjon og entreprenørskap hos dei unge i regionen.
  • Styrke samarbeid og omstillingsevne i skule og næringsliv.
  • Tydeleggjere den raude tråden i utdanningsløpet, frå grunnskule til arbeidsliv.
  • Vere ein møtearena mellom utdanning og lokalsamfunn.
  • Vere ein møtearena for elevane på tvers av skular og trinn.

Tid:

  • Onsdag 22. mars 2023, klokken 12.00-19.00
  • Torsdag 23. mars 2023, klokken 11.00-16.00

Stad: Sartor Storsenter

keyboard_arrow_up