Innspelsmøte – Næringsutvikling framover

Korleis skal Øygarden lykkast med næringsutvikling dei neste tolv åra?

Øygarden kommune og Vest Næringsråd inviterer heile næringslivet til innspelsmøte. Den ferske kommunen jobbar no med å utvikla ny samfunnsdel til kommuneplan 2022-2034, og skisse til næringsstrategi.

– Dette er det viktigaste møtet mellom kommunen og privat næringsliv på lenge, seier dagleg leiar Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling i dette intervjuet.

Når: Torsdag 25. mars 2021

Klokka: 08:30 – 11:00

Kor: Digitalt

Påmeldingsfrist: Søndag 21. mars

Det handlar om:

  • Kva kompetansebehov vil bransjen din ha framover?
  • Kva skal til for at bransjen din skal veksa?
  • Korleis bør kommunen samarbeida med bransjen?
  • Korleis kan vi få fleire i arbeid som står utanfor?
Meny