Korleis skal fyrtårnet utviklast?

Bli med og høyr kva ei rekkje forskarar frå SINTEF meiner om Øygarden, og moglegheitane framover.

Øygarden kommune inngår partnerskapsavtale eit av Europas største forskningsinstitutt.

Kvifor?

For å få fagleg hjelp til å realisera visjonen om å bli eit fyrtårn i vest.

Kva betyr det?

Det betyr at kommunen får tydelege råd om korleis utvikla «fyrtårnet» framover for å vera til nytte for næringslivet.

Etter ei grundig innleiing kan velje mellom desse innlegga:

  • Kva ringverknader kan komma rundt karbonfangst og lagring?
  • Korleis skal vi i landlege strøk frakte folk og varer i framtida?
  • Korleis kan kommunen fornyast for framtida?

Dato: 21. juni 2021

Tid: 12:00 – 14:00

Stad: Microsoft Teams. Lenkje til Teams-arrangementet vert sendt til alle som melder seg på. Påmeldingsfrist 17. juni.

12.00 – 12.55  

  • Ambisjonar og forventningar i Øygarden kommune
    Ordførar Tom Georg Indrevik
    Konstituert kommunedirektør Rune Landro
  • Forventningar i SINTEF
    Konsernsjef Alexandra Bech Gjørv (SINTEF)
  • Erfaringar frå partnarskap
    Samtale v/Håvard Solem og Sigmund Kvernes (SINTEF)

Pause                  

13.05 – 13.40 Faglege innlegg og diskusjon (parallelle sesjonar)

  • Karbonfangst og lagring
    Om moglege ringverknader og lokale/regionale moglegheiter med Langskip og Northern Lights. Utvikla lokale verdikjeder, oppretthalde styrkja og utvikla  industri. Dela kompetanse, bidra til innovasjonsprosjekt med offentleg støtte, kunnskapsoverføring og lokalt engasjement.
    Lars Harald Vik, Forskar (SINTEF Community)
  • Mobilitet
    Om sikker, effektiv og miljøvennleg utvikling av infrastruktur og transport av folk og gods i by og rurale strøk. Om berekraftige løysingar for transport på land og sjø. Morgondagens transportsystem digitalisert og automatisert.
    Roar Norvik, Forskingssjef (SINTEF Community)
  • Innovasjon og omstilling i kommunesektoren
    Om å skapa og vidareutvikla innovasjonskraft og gjennomføra omstilling i kommunal sektor. Ansvarsdeling mellom politisk og administrativ leiing. Samarbeid på tvers av etatar og sektorar. Korleis jobba med innovasjonar og sikra nytenking og kompetanse gjennom medarbeidardreven innovasjon og partssamarbeid.
    Lone Sletbakk Ramstad, Forskingsleiar (SINTEF Community)

13.40 – 14.00 Oppsummering

Meld deg på her!

keyboard_arrow_up