Miljønettverket Øygarmot

Vi har gleda av å invitera til nytt møte om miljøsamarbeid for industribedrifter i Øygarden. Målet er å utvikla eit nettverk der bedrifter samarbeider om å bli meir berekraftige.

Målet er å utvikla eit nettverk der bedrifter samarbeider om å bli meir berekraftige.

Dette får du høyre om på møtet:

  • Kan vi bruka AI i berekraftsrapportering?
  • Kan ei plastfylt sprekk i fjellet bli forskningsprosjekt?
  • Kva var det Øyvar gjorde som sparte oss for millionar?

Tid: Onsdag 12. februar kl. 08.30 – 11.30
Stad: Straume Teknologisenter og Storanipa Avløpsrenseanlegg

Arrangert av ressursgruppe Øygarmot i Vest Næringsråd, ved styringsgruppe Elisabeth Vethe, Tanja Svellingen, Cecilie Sælen og Anita Vindenes.

08.30 Frukt og kaffe, mingling

09.00

  • Korleis kan AI auka verdien i berekraftsrapportering? Tina Aimee Saltskår, PwC
    Tina er manager i PwC og erfaren konsulent med spesialisering innan sosial bærekraft, HR-transformasjon og digitalisering. Ho brenn for å optimalisere prosessar og er alltid i forkant av utviklinga innan kunstig intelligens (AI). I dette foredraget vil Tina utforska korleis AI kan effektivisera berekraftsrapportering, og korleis vi kan frigjera menneskelege ressursar til meir strategisk arbeid. Ho vil også presentera eit spennande PwC-utvikla proof of concept for CSRD gap-analysar, som brukar generativ AI for å gje djupare innsikt og effektivitet.
  • Forskningsprosjektet «plast-sprekken» på Landro.  Kenneth Bruvik, saman med plast-forskar Gunhild Bødtker, NORCE
    Den velkjente plast-Bruvik kjem saman med seniorforskar Gunhild Bødtker. Ho er mikrobiolog, og har retta forskingsinteressa meir og meir mot plastforureining, og kva effektar dette har på naturen. No drøymer dei to om eit prosjekt saman på Landro.

Pause

  • Slik tok Øyvar eit berekraftsval som sparte innbyggarane for 200 millionar kroner. Bjarne Ulvestad, Øyvar
    Alt Øyvar investerer i blir synleg på fakturaene som blir sendt ut til innbyggjarane. Korleis klarte dei å både tenkje berekraftig, og samstundes spara oss for millionar?
  • Storanipo Avløpsrenseanlegg
    Øyvar sitt nye anlegg på Foldnes har vunne pris for sine innovative og samfunnsnyttige løysingar.
    Kva er desse løysingane, og korleis fungerer anlegget?
    Vi avsluttar med å kjøre til Foldnes og får omvisning inne i anlegget.

 11.30 slutt

keyboard_arrow_up