Saman med Øygarden kommune inviterer Vest Næringsråd til møte om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

Kommunedelens arealdel (KPA) er på rullering og kommunen ønsker å inkludera næringslivet tidleg for å sikra at planarbeidet blir realistisk og framtidsretta.
Næringslivet sit på verdifull erfaring og innsikt i korleis arealbruk påverkar kvardagen. På dette møtet ska vi sjå på heilskapen no og utviklinga for framtida.
Administrasjonen vil informera om arbeidet så langt, og vise kva utfordringar og moglegheiter som kjem i framtida. Kommunen har mellom anna gjennomført analysar av næringsareal i dagens arealdelar, og sett på bruk og potensiale i desse areala.
Gjennom ein arbeidsverkstad blir det lagt til rette for at dei ulike bransjane kan medverke til strategiar for arealbruk.
Tid: Onsdag 19. februar kl. 08.30 – 12.00
Stad: Kultursalen i Øygarden rådhus
Meir informasjon
Arealdelen er i prosess og du kan følgje utviklinga her. Her publiserer kommunen alt av kunnskapsgrunnlag fortløpande.
