Ope møte om høgspent-riving

Sotrasambandet og BKK inviterer til digitalt informasjonsmøte om riving av høgspentmaster mellom Breivik og Litlesotra.
Her kan du sjå korleis BKK har lagt nye høgspentliner under dagens Sotrabru.

Arbeidet med å leggje 4,5 km nye strømkablar for Sotrasambandet er ferdig (sjå video). I mai startar riving av dei ni høgspentmastene som står i traseen der ny bru til Sotra skal byggast. Nokre stader blir linene senka til bakken, kappa og spola inn på ein hjullastar for å bli frakta ut av området.

Dei to mastene nærast sjøen på Drotningsvik-sida skal fjernast ved hjelp av sprengstoff. Den største masta er over 80 meter høg og blir sprengt ned frå midten. Dato for sprenging av dei to mastene er 20. mai og 26. mai.

BKK har vakter ute i området før, under og etter sprenginga, og dei vil varsle alle grunneigarar og bebuarar i området i god tid med informasjon om arbeidet som skal utførast og tidspunkt for sprenging.

Dei andre mastene vert velta ved bruk av vinsj eller gravemaskin.

Praktisk informasjon:

  • Møtet er ope for alle interesserte
  • Stad:  Digitalt via Teams – klikk her for å følgje informasjonsmøtet. Dersom du ikkje har Microsoft Teams lasta ned til mobil/ pc, kan du velje «Bli med på nettet i stedet» for å delta.

Det er høve til å stille spørsmål til BKK og Vegvesenet om arbeidet som skal utførast. Spørsmål stilles direkte i møtet via chatfunksjon eller på førehand via vår epostadresse sotrasambandet@vegvesen.no

keyboard_arrow_up