Vestlandets største digitale møtecup

Skap business, samarbeid og nye relasjonar.

I fjor gjennomførte Salgs- og Reklameforeningen (SRF) og Sportsklubben Brann, saman med 21 næringsforeingar og nettverk, for andre gong ein heildigital møtecup – med strålande tilbakemeldingar og resultat for dei deltakande bedriftene. Den klare tilbakemeldinga frå deltakarane var at dei ønskte at det måtet bli arrangert igjen.

Så då gjer vi sjølvsagt det!

Om Møtecupen:

–      Formålet er å skape business mellom deltakarane. Dette kan vere sal, samarbeid, relasjonsbygging eller leadsgenerering.

  • Alle påmeldte bedrifter får ønskje seg møter ut i frå lista av alle påmeldte bedrifter. På denne måten sikrar vi fruktbare møter, der enten ein av partane ønskjer seg møtet eller begge to.
  • Vi prioriterer dei møta der begge partane ønskjer å møte kvarandre. 
  • Alle påmeldte bedrifter vil få minimum 8 møter à 25 minutt i løpet av dagen, og minimum 4 av desse vil vere ut frå deira eigne ønskjer (i nokre møter vil det vere den andre parten som ønskjer møtet).
  • På sjølve dagen treng du kun ein PC med kamera og mikrofon, slik at møta kan gjennomførast digitalt. Vi sender ut ei lenke i forkant, som gjer det enkelt for deg å delta. 
  • I forkant av møtecupen vil alle få tilsendt ei oversikt over dei deltakande bedriftene slik at dei kan sende inn sine ønskjer, og ei veke før sjølve gjennomføringa vil dei få oversikt over sine møter, og kva tidspunkt dei er på.


Ein digital møtecup er ein bærekraftig samlingsplass for Vestlandsbedrifter. Skap business, samarbeid og nye relasjonar.

Tid: Onsdag 29. mars kl. 08.30-15.30
Stad: Digitalt

Påmelding via SRF si nettside her!

(Påmeldingsfrist 6. mars. Bindende påmelding.)

keyboard_arrow_up