Den nye turistattraksjonen

edit today
Det seier litt, at Northern Lights sitt visningssenter allereie før gårsdagens offisielle opning hadde hatt meir enn 1500 gjestar på besøk. Frå heile verda.

Det seier noko om kor stor betydning CO2-lagringsprosjektet kan få. Kor mykje det betyr for Noreg, for verda. For som Statsminister Jonas Gahr Støre sa, karbon fangst og lagring (CCS) er ein nøkkelfaktor for å nå klimamåla.

– Det er mange besøkande de skal ønske velkommen hit, men også mange å knytte til seg. Eg har håp om at arbeidet her i Øygarden vil føra til langsiktige resultater i arbeidet om å nå klimamåla, sa statsministeren.

Opninga av visningssenter og administrasjonsbygg var eit stort steg på vegen mot oppstart av anlegget i 2024. Men 35 prosent av anlegget gjenstår å få klart. Mellom anna tolv 40 meter høge lagringstankar, og det 110 kilometer lange røyret som skal føre CO2 ut og ned til permanent lagring under havbotnen.

– Vi har bygd olje- og gassindustrien i femti år, men har kanskje ti år på oss til å bygge CCS-industrien. Visningssenteret spiller en viktig rolle når det gjelder å dele kunnskap og erfaringer fra dette prosjektet til fremtidige CO2-lagringsprosjekt verden rundt, sa direktør Børre Jacobsen.

Frå venstre: Administrerande direktør Børre Jacobsen i Northern Lights, Statsminister Jonas Gahr Støre og ordførar Tom Georg Indrevik. FOTO: Vigleik Brekke, Øygarden kommune

Les også

keyboard_arrow_up