– Dette skal vi fortsetja med

edit today
Utbyggjarar og kommune møttes i dag til dialogmøte. Det gav meirsmak for begge partar.

– Eg syns det var eit givande møte, seier Råmund Skjold, kommunalsjef for kultur og samfunn i Øygarden kommune.

– Veldig konstruktivt, støttar Marianne Furheim opp. Ho er dagleg leiar i Straume Mesterbygg.

Både næring og kommune fekk komma til ordet i auditoriet på Straume Teknologisenter. Utbyggjarane med utfordringar i møte med kommunen, og administrasjonen med utfordringar andre vegen.

Møttest for andre gong

For Vest Næringsråd som fasilitator var målet å vidareutvikla ein god dialog i framtidige reguleringsplanar og byggjesaker.

VEL 20: I trygg avstand til kvarandre kunne vi arrangera det første møtet sidan mars.

Møtet var det andre mellom næringsrepresentantar og kommuneleiing og plan- og byggesak. Også for eit halvt år sidan møttes dei to leirane. Begge vil gjerne kjenna til korleis den andre jobbar, slik at ein så effektivt som råd kan gje og få eit eintydig ja eller nei på ein byggjesøknad.

Også dei ekstra utfordringane kommunen står i som ny-samanslått blei tatt opp, bemanningssituasjonen på plan- og byggesak og ei utdjuping av det såkalla handlingsrommet der skjønn kan avgjere saker.

– Vi skal ha dialogen vidare

– Det er alltid greit å ha dialog og få snakka med næringslivet, og få opp diskusjonane som vi har. Så eg syns det var eit godt og nyttig møte. Eg tenkjer at vi skal ha denne dialogen vidare, og fortsetja med desse møta, meiner Råmund Skjold.

Marianne Furheim, har tru på at samarbeidet mellom næringslivet og denne delen av kommuneadministrasjonen blir betre framover.

– Her kom opp veldig mange gode poenger om ulike temaer. Det viktigaste for oss utbyggjarar er at dei er løysingsorienterte og forutseielege, meiner Furheim.

KOM MED DØME: Arild Bøthun i Sartor Maskin la fram ulike døme på sakshandsaming han stiller spørsmål ved.

Les også

keyboard_arrow_up