– Eg har vondt av bransjane som vert hardt ramma

edit today
Treningssentra i Øygarden er stengt. Restaurantane er opne, men manglar sårt kundar. I dag fekk dei lufta frustrasjonen.

Saman med kommunen arrangerte Vest Næringsråd i måndag møter med to av bransjane som er hardast ramma av koronarestriksjonane.

På møtet med representantar for treningssentera sa ordførar Tom Georg Indrevik at denne bransjen er mellom dei som er hardast ramma av restriksjonane. Innan fredag denne veka vert det teke stilling til om forskrifta skal vidareførast, endrast eller opphevast.

Ber om å få opne

– Eg har vondt av bransjane som vert hardt ramma. Det er fint om vi får bidrag frå dykk som vi kan bringa vidare, sa ordføraren som også understreka at ein ikkje lokalt kan gå imot klare råd frå sentralt hald.

Representantar for bransjen gav uttrykk for at det først etter sommaren 2021 er forventa tilnærma normal drift av treningssentera. Dei understreka at det er påvist minimalt med smitte på treningssentera. Bransjen representerer derimot eit viktig bidrag til å fremja god helse.

– Tør ikkje ete ute!

Måndag føremiddag var det også møte med restaurant- og serveringsbransjen. Restriksjonane har slått noko ulikt ut for denne bransjen.

Representantane for bransjen understreka at det er trygt å eta ute. Det er likevel ein vanskeleg balansegang mellom oppmodinga frå sentralt hald om at vi skal halda oss mest mogleg heime og at det samstundes er trygt å nytta serveringsstadene som held seg til smittevernreglane.

Meir om møtene på Øygarden kommune si nettside.

Les også

keyboard_arrow_up