Eit fyrtårn av dei sjeldne

edit today
Jarle Vindenes blei overraska med heidersprisen Årets Fyrtårn frå Vest Næringsråd. – Eg har berre gjort mitt beste, meir kan eg ikkje gjera, svara Vindenes.

– Kva er det som skjer?

Det var liten tvil om at prisvinnaren blei smått forvirra då han opna døra til Notloftet i Sotra Gruppen sine lokale på Vindenes. Hovudpersonen hadde blitt lurt til at han skulle i eit møte i banken, men forsto ikkje kvifor møtet med nokre få personar på død og liv måtte haldast i det største lokalet.

Men det var fleire som venta på han. Ordførar, Varaordførar, Vest Næringsråd og familien. Til saman maks-antallet for kor mange som kan samlast, 20 personar, applauderte han inn over golvet før dagleg leiar Rikard Toft Ledang forklarte kva som var i gjerdet.

Tre år gammal pris
FORBILDE: – Eg håpar mange tar eksempel av deg, og ønskjer å gjera ein forskjell også i framtida, sa ordførar Tom Georg Indrevik, då han rosa Vindenes sin mangeårige innsats. FOTO: Sirianne Arnestad Hellerud

Prisen «Årets Fyrtårn» er tre år gammal, og er ein heiderspris til ein som har gjort noko utanfor seg sjølv. Ein som har sett regionen på kartet positivt. I 2018 var det Kåre Bjorøy som blei heidra, medan prisen i fjor blei delt mellom dei tre ordførarane Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun, som slo saman dei tre kommunane.

Prisen er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd og Sparebank1 SR Bank. Juryen i år var varaordførar Atle Dåvøy, dagleg leiar i Straume Mesterbygg, Marianne Furheim i tillegg til Toft Ledang.

– Du har betydd mykje

Juryen poengterte den 40 år lange historia og innsatsen som ligg bak det Sotra Gruppen er i dag. Og ikkje minst valet Vindenes tok for fire år sidan, då han ville heisa opp på kaien det som seinare skulle visa seg å bli «plastkvalen». Planen var opphaveleg at kvalen skulle slepast midtfjords og sprengjast.

– Plastkvalen hadde aldri blitt starten på ei verdsomspennande opprydding, hadde det ikkje vore for at du ville løfta den opp på kaien. Du ville at barn og unge skulle få studera det sjeldne dyret på nært hald, slik du hadde sett på kvalar då du var liten. Årets TV-aksjon hadde truleg heller aldri gått til formålet å rydda verdshava for plast, utan det du gjorde for snart fire år sidan, leste Øystein Bredholdt, frå grunngjevinga.

FOR TREDJE GONG: Vest Næringsråd står bak heidersprisen Årets Fyrtårn, som blei delt ut for tredje gong i dag.

– Du har betydd mykje for lokalsamfunnet, og utviklinga av eit spennande næringsliv. Du har gjennom din inkluderande og varme person gleda og inspirert mange.

– Har gjort mitt beste

Etter å ha fått helsingar og lovord frå forsamlinga, tok hovudpersonen ordet. Han syns ikkje han har gjort noko ekstraordinert han fortener pris for.

– Eg har no berre gått på jobb kvar dag i førti år og gjort mitt beste. Alltid prøvd å samla saman både næringsliv og kundar, og ha eit godt og ryddig forhold. Etter beste evne. Det er ikkje alltid eg strekkjer til, men eg har gjort mitt beste. Meir kan eg ikkje gjera. No er eg kome så langt at fødselsattesten min er begynt å bli litt gul i kantane, så etterkvart skal eg bruka litt mindre tid her nede, og meir på den holmen der borte, som eg har kjøpt, og meir tid i båten, sa Vindenes medan han peika ut vindauget.

–  Tusen takk, eg set pris på dette!

Heile grunngjeving kan du lesa her:

LESTE GRUNNGJEVINGA: Øystein Bredholt frå Sparebank1 SR Bank samarbeider med Vest Næringsråd om heidersprisen.

Det er 40 år sidan Årets fyrtårn starta opp bedrifta som den gongen var nyskapande ved å rydda havet for overskotsmateriale etter starten av oljeeventyret. Ei opprydding som blei til næring, ein stolt familiebedrift og som førte til eit reinare hav.

Kva er då meir ironisk, som han seier det sjølv, enn at ein plastforstoppa kval ropar om hjelp rett utanfor kontoret hans, og kviskrar at det er ei ny miljøkrise er på gang?

Plastkvalen hadde aldri blitt starten på ei verdsomspennande opprydding, hadde det ikkje vore for at  du ville løfta den opp på kaien i staden for å la styresmaktene slepa den midtfjords for å sprengjast. Du ville at barn og unge skulle få studera det sjeldne dyret på nært hald, slik du hadde sett på kvalar då du var liten.

Årets TV-aksjon hadde truleg heller aldri gått til formålet å rydda verdshava for plast, utan det du gjorde for snart fire år sidan.

Du har betydd mykje for lokalsamfunnet og utviklinga av et spennande næringsliv og ikkje minst vært en pådrivar for samhandling på tvers av bransjar. Du har gjennom din inkluderande og varme person, alltid med et humoristisk smil på lur – gleda og inspirert mangt eit menneske! 

For næringslivet i regionen kan du trygt kallast eit fyrtårn!

Juryen, i samarbeid med SpareBank 1 SR-Bank har den store ære å utnemna deg til Årets Fyrtårn, Jarle Vindenes!

Les også

keyboard_arrow_up