– Ekspertisen er rett rundt hjørnet

edit today
Koronakrisa rammer både små IT-selskap og store kjøpesenter. Men saman kan ein løfte kvarandre.

– Vi la alt anna til side og leverte komplett løysing på få dagar, fortel Roald Steinsland, dagleg leiar i systemutviklingsselskapet IslandGarden.

Torsdag lanserte Sartor Storsenter si nye teneste: Utkjøring av varer til kundane. Bakgrunnen var den pågåande koronakrisa der omsetninga på senteret stuper meir enn 30 prosent samanlikna med samme tid i fjor.

KJAPT LEVERT: Gründer av IslandGarden, Roald Steinsland.
FOTO: Lone Kalvenes

For IslandGarden hadde krisa allereie ført til at alle prosjekt stoppa opp. Kundar som skulle investera i nye system torde plutseleg ikkje. Roald Steinsland måtte vurdera: Skulle dei permittera seg, skulle dei ikkje?

Noko måtte gjerast. Kjapt.

Lokal fjern-shopping

– Eg foreslo eit system for heimkjøring av varer for Sartor, og då hadde dei også tenkt på det samme. Det var ein veldig god dialog om ønske og behov. Vi tolka det raskt og klarte å omsetja dette til ei teknologisk løysing, fortel Steinsland, som meiner han har både dyktige og kreative utviklarar på lag med seg, som raskt kan utvikla gode løysingar.

– IT-løysingar tek normalt lang tid. Men dette viser at ein godt gjennomtenkt ide hurtig kan gjerast om til teknologi, meiner han.

No kan kundar fjern-shoppa på senteret, og få levert varene på døra. IslandGarden har laga systemet som gir senteret oversikt over kva varer som skal kjørast ut til kven. Logistikken frå butikk til den enkelte adresse.

Stor kommune – svær logistikk

– Appen er laga for at vi skal ha ein god logistikk for dette. Det er krevande i ein så stor kommune. Vi må få med oss alt på vegen, seier Ernst Einarsen i Sartor Holding.

Saman med andre i leiargruppa kjører han varene kostnadsfritt rundt i kommunen på ettermiddagstid. Heimkjøringa av varer hjelper butikkane til å halda opent. Men ikkje minst hjelper det kundar som vil handle, og som ikkje ønskjer å gå på senteret for tida.

I VESTNYTT: Då Ernst Einarsen byrja heimkjøringstenesta torsdag var lokalavisa på plass. FOTO: Skjermbilde Vestnytt

For Sartor starta diskusjonen om heimkjøring i førre veke. Ernst Einarsen meiner dette var rette tidspunktet å starte.

– No kan vi hjelpa dei som sit heime og ikkje kjem seg ut. Enten fordi dei er redde for å gå ut, eller fordi dei er i risikogruppene og ikkje skal gå på eit kjøpesenter, seier Einarsen.

– Vi kjører rundt, og ringjer eller sender sms til kunden når varene heng på dør.

Stor verdi i lokale ekspertar

I starten er det tjue butikkar som er med på tenesta. Ifølge Einarsen vil fleire melde seg på når dei får ordna med betalingsløysing.

Logistikk-appen frå IslandGarden, og den kjappe leveringstida derifrå får ros av Sartor-leiaren.

– Ekspertisen er rett rundt hjørnet. Det er veldig kjekt å ha dei så nært oss. Vi kan snakke med dei til dagen, og samhandle med dei. Dei har vore utruleg kjekke å samarbeida med. Dei har verkeleg jobba for harde livet med å få dette klart, fortel Ernst Einarsen.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up