– Etter kort pitch bladde investor opp 50 millionar

edit today
Endeleg får dei tilsette løn. Etter fem års arbeid har ScanReach denne vinteren gått over i produksjonsfasen av utstyret som kan redde liv på sjøen.

– Fem år utan å tene ei krone. Men no er vi der. Vi begynner å sjå inntektene nærma seg, seier gründer Arild Sæle.

Sæle er kommersiell direktør (CCO) i ScanReach, som i desse dagar har flytta inn i nye lokalar på Skjenet. Det er der han og kollega Bjørnar Svellingen (CFO) tek imot Vest Næringsråd.

Lokalet er nymåla, stolane ubrukte og staben rundt oss er stor og klar. Veldig klar for å innta marknaden der ute i verda. Produkta er klare. Armbandet og dei trådlause sendarane som gir reiarlag og skipskapteinar oversikt over kvart einaste menneske ombord på eit skip.

Noko verda aldri har sett maken til.

Fem prosent av verdsmarknaden på fire år
LIVREDDAR: Dette armbandet med den vesle brikka gir kaptein og reiarlag full oversikt over alle som er ombord på skipet. Om alarmen skulle gå.

– Vi er inne i ein utruleg spennande periode i selskapet akkurat no. Vi er inne på 15-20 båtar der vi har kjøpt oss ein såkalla grace-periode på eit halvt år. Det betyr at dei har sagt ja til at vi skal gjera feil, og dei har sagt ja til å hjelpa oss vidare i utviklinga, forklarar Sæle.

Etter at test-perioden er over er målet at produktet skal vera kvitt dei vanlegaste barnesjukdomane, slik at salsprosessen verkeleg kan komma i gang. Sæle ser for seg ei gradvis auke i tida framover, der målet er å vera inne i fem prosent av marknaden når vi skriv 2024.

– Vi har så vidt begynt, og skrapar berre i overflata av kva dette kan utvikla seg til framover. Men vi er ekstremt fokusert. Vi skal berre gå ut med det vi har kontroll på. Det er eit av tipsa eg kjem til å gje på Pengedagen: Stick to what you believe in, seier han.

– Du veit aldri når du får sjansen

På Pengedagen torsdag 5. mars kjem ScanReach for å fortelja om vegen frå garasje til Washington.

Vegen til USA er også noko av grunnen til at Sæle glir over på engelsk fleire gongar i løpet av intervjuet. Pitchen om ScanReach har han fremst i pannebrasken. Alltid klar til å formidla. Det har gitt direkte resultat fleire gongar.

SENDARANE: Dette er dei små boksane som utfører magi for ScanReach. Boksane blir plasserte overalt i skip, slik at signala kjem seg fram.

Prinsippet «elevator pitch» handlar om å selga seg sjølv på få minutt, slik at du får fortalt det viktigaste før heisturen er over.

– Dette fekk eg bruk for i Washington ein gong. Der hadde eg ein litt utvida elevator-pitch, og henta inn 50 millionar kroner i investor-kapital, fortel han.

Det handlar om å vera klar. Mentalt førebudd. Ein veit aldri når ein får sjansen til å levera pitchen framfor dei rette menneska.

Bortsett frå pitchen dei skal halda onsdag.

Den viktigaste pitchen ever

Den har dei visst om, og førebudd seg på. Den får til og med sindige Arild til å skjelva ørlite i buksene. Det handlar om Horizon 2020. EU sitt eige innovasjonsprogram der store pengar ligg i potten. Verkeleg store.

– Det er ganske betydelege summar ute og går, og vi er finalistar mellom mange tusen søkjarar. Vi har kome gjennom eit ørlite nålauge som det ligg mykje arbeid bak. Eg kjenner litt på presset der, innrømmer Arild Sæle.

Onsdag 19. februar står han og CEO, John Roger Nesje framfor juryen i Brüssel for å halda ein ti-minuttars pitch med påfølgande utspørjing i ein halvtime. Sit juryen att med eit inntrykk av at desse to mennene har gjennomføringsevne til å få dette til, ja då ventar millionane.

– Det hadde vore fantastisk om vi klarte det, drøymer Sæle.

I inntil to månader må dei leva i uvisse etter møtet i Belgia. I løpet av desse månadene er det ingen som veit når svaret kjem.

Kjem for å inspirera
FRÅ GARASJEN TIL WASHINGTON: Det har blitt mange turar verda rundt for gründer Arild Sæle. Her med eit knippe bevis.

Torsdag 5. mars kan små og store, gründerar og etablerte, møte verkemiddelapparatet på seminaret «Pengedagen – korleis finansiera idéen din?»

– Eg tenkjer at denne dagen også kan vera nyttig for dei som har noko som dei vil vidare ut med. Dei største selskapa i Noreg nyttar til dømes også Innovasjon Norge, sier Bjørnar Svellingen.

Både han og Arild Sæle meiner ScanReach har vore heldige og fått svært mykje støtte på vegen. Innovasjon Norge har vore med heile vegen. Også DnB har bistått. To gongar har dei fått støtte frå Stormfondet.

– Alt dette er viktig. Det har vore klapp på skuldra, og ein får stadfesta at vegen ein går på er rett.

Men det er ikkje berre pengestøtte som har vore til hjelp. Også kurs og opplæring for gründerar. Kurs i det å gå frå null.

– Det er ikkje berre økonomisk støtte som er interessant. Det at vi tok imot mentor frå Innovasjon Norge har rusta oss for det vi skulle gå inn i. Eg vil fortelja om den reisa vi har hatt, og dei ordningane vi har nytta oss av på vegen, seier Arild Sæle.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up