Innspelsmøte – Næringsutvikling framover

Korleis skal Øygarden lykkast med næringsutvikling dei neste tolv åra?

Øygarden kommune og Vest Næringsråd inviterer heile næringslivet til innspelsmøte. Den ferske kommunen jobbar no med å utvikla ny samfunnsdel til kommuneplan 2022-2034, og skisse til næringsstrategi.

– Dette er det viktigaste møtet mellom kommunen og privat næringsliv på lenge, seier dagleg leiar Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling i dette intervjuet.

Når: Torsdag 25. mars 2021

Klokka: 08:30 – 11:00

Kor: Digitalt

Påmeldingsfrist: Søndag 21. mars

Det handlar om:

  • Kva kompetansebehov vil bransjen din ha framover?
  • Kva skal til for at bransjen din skal veksa?
  • Korleis bør kommunen samarbeida med bransjen?
  • Korleis kan vi få fleire i arbeid som står utanfor?

08:30-09:15: Velkommen ved Ordførar, og presentasjon av ferske tal frå EY som gir ein status for næringslivet i Øygarden.

09:30-11:00: Gruppemøter: Innspel til mål, strategi og behov.

  • Representanter frå kvar einskild bransje samlast i separate Teams møter.
  • Prosjektleiar vil styra ordet og skriva ned alle innspel frå kvar einskild gruppe.

Påmeldingsfristen er ute.

keyboard_arrow_up