Påmeldingsfristen nærmar seg

edit today

Måndag 1. november må vi setja strek for påmeldingar til årets høgdepunkt for Vest Næringsråd: Øygardskonferansen og Årsfesten.

– Øygardskonferansen har eit tettpakka program der du vil bli inspirert, informert og kanskje til og med provosert. I tillegg vil du merka at vi heile dagen tenkjer at deltakarane skal få god underhaldning, forklarer den daglege leiaren i Vest Næringsråd.

Heine Totland underheld etter lunsj på Øygardskonferansen.

I desse dagar har ikkje Ledang ledig tid til mange andre arbeidsoppgåver enn Øygardskonferansen og Årsfesten. Begge arrangementa blir til kvar minste detalj planlagt saman med personalet på Panorama Hotell & Resort.

Øygardstallerken

Det er måltidene under både konferansen og årsfest som gjer at det må setjast eit slutt-tidspunkt for moglegheita til å melde seg på.

– Som til alle andre store arrangement treng hotellet å vite kor mange som kjem. Det handlar om all maten som skal serverast, seier Ledang.

På Øygardskonferansen blir det Øygardstallerken til lunsj. Eit nøye utval frå lokale produsentar. Menyen for middagen under årsfesten på kvelden blir avgjort før helga.

– No haglar det med spørsmål frå dei påmeldte, om alt frå kor bussen går frå (sjå nederst i saka) til kva ein gjer viss ein er allergisk mot maten. Vi har svar til alle, smiler han.

Chicksa underheld etter middagen på Årsfesten 2021
Blir vi 300?

Ein ting som uroar den daglege leiaren er spørsmåla frå enkelte som trudde dei var påmeldt, men som saknar bekreftelse på dette.

– Vi har sjekka dette teknisk, og alle som melder seg på via påmeldingsskjemaet får ei kvittering om dette på epost. Har du ikkje fått kvitteringa ber vi deg fylle ut skjemaet på nytt, seier Ledang.

Talet på påmeldte til Øygardskonferansen er passert 250. Til Årsfesten er cirka 120 påmeldte. Det er plass til fleire på begge.

Informasjon om buss til og frå Panorama 11. november
Til Øygardskonferansen:
  • Bussavgang frå Olav Kyrresgate ved Peppes kl. 0730
  • Bussavgang frå Straume Terminal kl. 0755
  • Bussen går i retur frå Øygardskonferansen kl. 1615 til Straume og Bergen

Til Årsfesten:
  • Bussavgang frå Olav Kyrresgate kl. 1730
  • Bussavgang frå Straume Terminal kl. 17.55
  • Bussen går i retur frå Årsfesten kl. 2315 til Straume og Bergen

Det er Sotra Sportsklubb sin buss vi skal bruke. Den er lett å få auga på.

Les også

keyboard_arrow_up