Fem steg i rett retning

edit today

I over 30 år har Vest Næringsråd eksistert som støtte til og kritikar av kommunane vest for Bergen. No, halvanna år etter at dei tre kommunane blei ein stor, vil vi påstå følgande:

Aldri før har vi opplevd større satsing på næringsutvikling frå kommunen si side.

Ikkje misforstå. Det er ikkje slik at bedriftene svever på ei rosa sky av velvilje frå det offentlege. Framleis opplever bedrifter små og større hinder. De skulle berre visst kor stor frustrasjonen kan bli av det å ikkje få eit svar!

Men vi står for påstanden. Noko har skjedd og her kjem fem årsaker:

  1. Øygarden har fått næringssjef. Frå nyttår oppretta kommunen Øygarden næringsutvikling KF, der Anita Mannes kom inn som dagleg leiar. No har kommunen fått ein drivande dyktig næringssjef som kvar dag jobbar for å leggje til rette for lokal næringsutvikling. Det var eit sakn. Store aktørar har ringt politikarar direkte eller oss i Vest Næringsråd med spørsmål om kva dei skal gjere for å kunna etablera seg her. No har endeleg kommunen ein stad desse kan få svar.
  2. Samarbeider med næringslivet. I fjor haust blei vi partnerar gjennom ein partnerskapsavtale. Avtalen definerer Vest Næringsråd sine oppgåver for kommunen. Dette var ei viktig avklaring, og ein tillit vi set pris på. Vi gjer og skal gjera alt vi kan for å gje meir tilbake enn de forventar.
  3. Opprettheld gründermiljøet. Øygarden vil gje eit tilbod til bedrifter i oppstartsfasen. Arbeidsmarknaden fekk seg ein kraftig knekk siste året, men samtidig valde kommunen at Gründerparken Vest framleis skal vera staden å søka for den som sit med ein idé. Dette styrker optimismen for framtidas utvikling av nyskapande bedrifter.
  4. Samarbeider med kompetanse- og forskingsmiljø. Denne veka skreiv kommunen under ein avtale med SINTEF. For ein million kroner i året får kommunen og politikarane hjelp og fagleg tyngde til å ta dei rette avgjerdene for framtida. Både når det gjeld nye skular, nye vegar og nye næringar. Det trengs. Det er alltid sundt å løfte blikket, få innspel om andre sine erfaringar.
  5. Har begynt å sei ja. For første gong høyrer vi ord som «saksbehandlaren var veldig imøtekommande». Kva? Har det skjedd noko med kommunen? Ja, vi trur det. Dette er ei ja-haldning vi faktisk aldri har høyrt før det siste halvåret. Vi opplever en positivitet blant lokalpolitikarar og kommune når det kjem til dei uante moglegheitene Øygarden har i det blå-grøne skiftet.

Vi ønsker alle en god sommar – vegen vidare blir spennende!

Rikard Toft Ledang
Dagleg leiar Vest Næringsråd

(Teksten var eit lesarinnlegg i Vestnytt 27. juni)

Les også

keyboard_arrow_up