Flyttar tildelingstidspunktet

edit today

Planen var å sluttføre konkurransen juni, om kven som skal byggja Sotrasambandet. Men no er det bestemt at dette ikkje vil skje før ferien. – Tildelingstidspunktet er flytta til etter sommaren, fortel prosjektleiar for Sotrasambandet, Arve Tjønn Rinde. Han understrekar at dette ikkje fører til forseinking i prosjektet. Kontrakten skal uansett ikkje underskrivast før i november. Det er tre selskap som konkurrerer om jobben: Sotra link, ITIAS og Via Sotra.

Les også

keyboard_arrow_up