Fortviler over avbestillingar

edit today
Bedrifter avbestiller juleborda sine trass i svært låg smitte frå serveringsbransjen.

– Til no i dag har eg fått to avbestillingar, på 20 og 50 gjestar, seier Ingvild Skorpen Bøge på Spisekroken måndag.

Frå 22. november har Øygarden kommune innført påbod om registrering av gjestar på serveringsstader. Det er i tillegg innført påbod om bruk av munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halda avstand på minst ein meter.

Men er julebord forbode, farleg eller kanskje umoralsk å gjennomføre?

– Gjennomfør det dere har planlagt

Ordførar Tom Georg Indrevik i Øygarden kommune, meiner bedriftene godt kan gjennomføra dei planlagte arrangementa for sine tilsette. Tiltaka som er sett i kraft er på svært lågt nivå samanlikna med tidlegare under pandemien.

– Vi har stor trur på at vi har felles ønske om å gjennomføra desse tiltaka slik at planlagte arrangement kan gjennomførast dersom ein er nøye med å følgja både pålegg og tilrådingar, sa Indrevik då den nye forskrifta blei kjent like før helga.

På eit digitalt møte Vest Næringsråd arrangerte søndag kveld sa kommuneoverlege Stein Inge Stigen at han håpa forskrifta ville gjera restaurant-gjestane trygge på det å gå ut og vere sosial.

– Eg håpar ikkje de får avbestillingar, sa han.

Men då var rekka av avbestillingar allereie i gang. Bransjen, som har slite tungt i pandemien, fryktar julebord-sesongen går fløyten.

– Eg trur ikkje det er frykt, meir skam viss noko skulle skje. Det er så lett å avbestille etter det vi har vore gjennom no. Tilsette som går glipp av julebord reagerer ikkje heller, fordi det er blitt  så normalt at ting blir avlyst, seier Christian Bollman på Cornelius.

Smittevernlege Bjørg Møllerløkken forklarte under møtet søndag, at dei fleste blir smitta heime. Ein del blir smitta på jobb, skule eller barnehage.

– På fritidsaktivitetar og restaurantar er det funne lite smittespreiing, sa Møllerløkken.

Dette meiner andre

I Bergen blei det bestemt at kommunen skal gjennomføre julebord for sine tilsette, og helsebyråden oppfordrar innbyggjarane til å ikkje avlysa.

– Gjennomfør det du har planlagt av aktiviteteter, men følg smittevernreglene og råda, sa helsebyråd Beate Husa.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet meiner dei fleste bedrifter kan gjennomføra julebord.

– Ein kan ta enkel forholdsreglar som kanskje går på å ha eit litt større lokale, ikkje så mange mennesker tett, bruke handsprit og så vidare, seier han.

NHO Reiseliv poengterar at det er fullt lovleg å gjennomføra julebord.

– Det er viktig at det offentlege kjenner sitt ansvar og ikkje skaper eit inntrykk av at det ikkje er lov eller forsvarleg å dra på julebord, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør.

Les også

keyboard_arrow_up