God respons på hasteinnkalling

edit today
Etter innkalling onsdag kveld stilte 23 bedrifter frå byggebransjen i Øygarden i Vest Næringsråd sitt dialogmøte med kommunen.

Utbrotet av mutert koronavirus på to byggjeplassar i Bergen har denne veka ført til intens jobbing med korleis hindre vidare smitte i bransjen. Bergen vurderte tidleg å stenga ned alle byggjeplassar, men enda med ei forskrift.

Det gjer at bygginga kan fortsetja under svært strenge smitteverntiltak.

På grunn av at så mange har arbeid som kryssar kommunegrensene, vurderer kommunane rundt Bergen også ei forskrift. I den forbindelse fekk Vest Næringsråd i oppdrag onsdag kveld å samle aktørar til eit møte. 23 representantar frå bedriftene i Øygarden kopla seg på møtet der ordførar Tom Georg Indrevik og kommuneoverlege Stein Inge Stigen ba om råd.

– Sjølve formålet er å hindre den sør-afrikanske mutanten, og vi skal prøve å kontrollere dette no, sa Stigen til deltakarane, før dei fekk sjå forslaget til forskrift på skjermen og kunne vurdere kvar einaste setning.

Deltakarane på møtet støtta forskrifta med nokre få presiseringar. Ingen ønskjer å bidra til smitteutbrot, og dei rosa kommunen for å ta imot innspel i eit slikt møte.

– Vi prøver å finna løysingar som kan halde samfunnet i gang så godt som mogleg. Dette er eit tillitsforhold, og vi har stor tru på at de føl opp så godt som de kan, avslutta ordføraren med.

Etter planen skal formannskapet i Øygarden behandla forskrifta torsdag kveld.

Les også

keyboard_arrow_up