Hanne er blitt Øygarden si næringsavdeling

edit today
Øygarden næringsutvikling er halvert etter at dagleg leiar Anita Mannes sa opp jobben i august. No er det Hanne Misje Lokøy som skal drive verksemda vidare – åleine.

– Det blir veldig spennande. Eg må nok kanskje restrukturera litt og finna ut kva som skal vera hovudprioriteringane, men eg skal også vidareføra mykje av arbeidet vi har gjort det siste halvanna året, seier Misje Lokøy.

18. juni i korona-året 2020 vedtok kommunestyret i Øygarden å opprette eit kommunalt føretak som skulle fungera som kommunen si næringsavdeling. Selskapet skulle leggja til rette for næringsutvikling i privat og offentleg regi i kommunen.

Kurt Andreassen fekk oppdraget som styreleiar å få KF-et opp og stå, og tilsetja dagleg leiar.

Første januar 2021 var Øygarden næringsutvikling ein realitet med Anita Mannes som nytilsett dagleg leiar. To månader seinare blei Hanne Misje Lokøy tilsett som prosjektleiar.

«…Øygarden er godt i gang…»

Etter eit år kunne Mannes oppsummere i årsmeldinga:

«Målsetnaden for 2021 om å få etablert selskapet, starta drifta med IT system, administrasjon, økonomi og kommunikative plattformar er gjennomført. Administrasjonen har gjort seg kjent med samarbeidspartnarar, kommunen og næringslivet, og har fått ei god forståing av marknaden. Det er utarbeida ei skisse til næringsstrategi og iverksetjinga av det blå-grøne skiftet i Øygarden er godt i gang med mange relevante aktivitetar utført.»

Øygarden næringsutvikling var godt i gang. Men midt i sitt andre driftsår sa Mannes opp jobben som dagleg leiar. Og på styremøte midt i september blei ho også fristilt frå oppseiingsperioden.

Anita Mannes har sagt opp som dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling etter halvanna år i jobben.

– Eg føler at vi har fått lagt eit kjempegod grunnlag for Øygarden næringsutvikling. Vi har knytt til oss kompetanse og partnerar vi treng, og har hatt relevante arrangement for å lære næringslivet om dei moglegheitene vi har til å realisere det grøne skiftet i Øygarden. Det gjer meg storfornøgd, og eg håpar arbeidet blir vidareført. No er eg også fornøgd med å ha fått sjansen til å gå inn som partner og eigar i eit selskap som driv med leiar og spesialist-rekruttering, seier Mannes.

Skal evaluera driftsforma

Så kva skjer no med kommunen si næringsavdeling?

Styreleiar Kurt Andreassen gjekk i samtaler med styret og kommuneleiinga om kva dei skulle gjera.

– No tar vi eit blikk tilbake på dei snart to åra med drift. Vi vil gå gjennom erfaringar vi har gjort oss, og gjere opp ein status av driftsforma. Dette skal vi melde inn til kommunen. Inntil vidare, til kommunen har landa endeleg selskapsform, er Hanne konstituert som dagleg leiar, forklarer Andreassen.

Hanne Misje Lokøy går altså inn som dagleg leiar, medan hennar funksjon som prosjektleiar ikkje blir erstatta.

– Det andre viktige grepet vi gjer er å få til eit tettare forhold og integrasjon med kommuneleiinga. Den har eg kjent kunne vore betre. Dette meiner kommuneleiinga er ein god idé, og Hanne har fått eit kontor saman med leiinga på rådhuset, der ho kan vere når det er behov for det, seier styreleiaren.

– Viktig med næringsstilling

Korleis kommunar driv næringsarbeid er ulik i norske kommunar. Nokre har kommunale foretak slik som Øygarden, andre har næringsavdeling og næringssjef, medan andre igjen har næringspolitiske rådgjevarar. Det fins ingen krav frå sentralt hald om slike funksjonar, men både Misje Lokøy og Andreassen er einige om at Øygarden bør ha dette.

– Det er strategisk viktig at vi har ei slik rolle i ein så stor kommune, og ein kommune som har så store ambisjonar om å vera leiande på området. Vi har moglegheiter innan framtidsretta næring som er svært unike. Eg ser fram til å vera med og leggja til rette for gode arbeidsplassar, og gjera kommunen til ein god plass å både bu og jobba, seier Misje Lokøy.

– Dette er eit langsiktig arbeid som treng kontinuitet. Politikarar kjem og går, og organisasjonsformen på næringlivsarbeid i ein kommune kan diskuterast, men oppgåva er viktig, meiner Kurt Andreassen.

Les også

keyboard_arrow_up