Har mål om 18 000 besøkande

edit today
HavExpo i Sotra Arena i mai håpar på ei kraftig auke i talet på besøkande frå dei 13 000 som var innom i 2022. AMOF Fjell har booka stand og er klare til å visa seg fram.

– Det er tydeleg at denne messa er komen for å bli. Fokuset på havbruk og fiskeri gjer at vi vil vera til stades. Der treff vi alle som er interessert i alle typar råvarer og alt som er knyta til sirkulærindustri og berekraft, seier Vu Le, som driv med sal- og forretningsutvikling i teknologibedrifta.

AMOF Fjell Process Technology leverer ulike typar maskinar verda rundt, alle innan segmentet som ser restråstoff i hav- og oppdrettsnæringa som ein ressurs. Mykje av det som tidlegare blei sett på som avfall har vist seg å ha stor verdi.

– No er dei aller fleste opptatt av å få mest mogleg verdi ut av all fangst. Ved å ta vare på restråstoffet kan ein omsetje det til produkt som fiskemjøl og fiskeolje, som igjen blir fiskefor, forklarar han.

– Ein sentral møteplass

Slike prosessar lagar AMOF Fjell. Bedrifta er akkurat no i gang med den fiskemjølfabrikk nummer 19 på ti år. Fabrikkane tar hand om avskjer, kapp og daudfisk for å lage mjøl og olje. Akkurat no har bedrifta ei satsing mot fiskeslam inn mot havbruksnæringen. Dette vil dei vise fram, og snakke med interesserte og potensielle kundar om under HavExpo.

HavExpo flytter registreringa til nedre del av Hall C i år.

– Dette skal vera ein sentral møteplass for alle innan havbruk- og fiskerinæringa. Vi ønskjer å skapa eit treffpunkt for dei som brukar produkt og tenester, med dei som faktisk utviklar og produserer desse, seier salssjef Allan Ødegård i HavExpo.

Allereie første gong messa blei arrangert (i 2022) var den verdas nest største innan havnæringane. Det var 13 000 besøkande, og 120 foredrag blei presentert. Også i år blir det eit omfattande konferanseprogram innan forsking, forvaltning, innovasjon og teknologi.

25 % rabatt til medlemmar

HavExpo 6. – 8. mai skal vera ei messe ein besøker for å få fagleg oppdatering i tillegg til å vera møtestad for heile næringa.

Arrangøren tilbyr 25 % rabatt på stand-leige for alle medlemmar i Vest Næringsråd.

– Vi trur at mange av medlemmane har ein fot innafor havbruk, og ønskjer at dei skal delta for å visa fram den sterke lokale tilknytinga mange av bedriftene har. Dette er eit godt utstillingsvindauge med mange moglegheiter, meiner Ødegård.

I filmen under oppsummerer dåverande leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang og leiar av Øygarden næringsutvikling, Hanne Misje Lokøy messa i 2022:

Les også

keyboard_arrow_up