Her kjem 13. etasjar med kontor

edit today
Det som blir det høgaste kontorbygget i Øygarden nærmar seg byggjestart. – No må vi setja i gang det som kan realiserast fort slik at vi får opp aktiviteten.

Astrid Aag står midt på plassen der det 49 meter høge kontorbygget skal byggjast. Den administrerande direktøren i Sartor Holding hadde saman med prosjektleiinga frå Veidekke eit møte med kommunen og grunneigarar førre veke. Der gjorde dei det klart at dei vil starta bygginga av det som har fått namnet Regionens hus til hausten.

Dei to aktørane som eig prosjektet 50/50 meiner det er viktig å koma i gang no, mellom anna for å kunna gje etterlengta arbeidsoppgåver til lokale entreprenørar. Høghuset var klart for oppføring for to år sidan, og det gjer at det meste ligg til rette for byggjestart ganske umiddelbart.

– No må vi setja i gang det som vi kan realiserast fort. Slik kan vi få opp aktiviteten som gjer at folk slepp å gå arbeidsledige. Når vi skaper noko her, så skaper det også arbeidsplassar, seier Astrid Aag.

Nesten like høgt som rådhuset i Bergen

Høghuset skal byggjast mellom Sotraplassen og bensinstasjonen på Straume. Utbyggjarane kan reklamera med at huset får nærleik til kollektivknutepunktet på Straume, og blir eit signalbygg som midtpunkt i Straume sentrum.

Bruksarealet blir på rundt 8 200 kvadratmeter, der dei nederste etasjane blir størst. All parkering vil skje i Kystbygarasjen. Bygget ligg tett på heissjakta på Sotraplassen, og vil difor vera lett tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

I SMØRAUGA: Teknisk skal bygget tilfredsstilla svært høge krav til miljø og energi, og vil kunna bli sertifisert som BREEAM Excellent.

Kven skal inn?

Sartor senter ønskjer å flytta biblioteket til høghuset. I tillegg prøver Sartor Holding å freista NAV med den sentrale plasseringa.

– Det er eit håp. Vi er invitert til å delta i tilbodskonkurransen som har frist tidleg i juni. Konkurransen blir nok hard, men vi håpar sjølvsagt at vi har eit produkt som kan konkurrera med dei beste, seier Aag.

For å setja i gang bygging er det nettopp leigetakarar som manglar.

– Hadde vi kunna bygd utan leigekontraktar så hadde huset vore ferdig. For dei som ønskjer å leige i høghuset gjeld det å kjenna si besøkelsestid.

– Så hvis eg har eit firma som vil ha kontor i 7. etasje med unik utsikt, så ringjer eg deg?

– Ja, då ringer du meg. Det er berre å ringe, smiler Aag.

Samlokalisering av tenester?

Fleire aktørar har også signalisert eit ønskje om samlokalisering. Vest Næringsråd med Gründerparken Vest er av dei som har ein draum om å halda hus saman med andre nærliggjande funksjonar. Til dømes utviklingsavdelinga i kommunen, ein framtidig INNOLab og det planlagte Øygarden Nærings- og utviklingsselskap.

Men dette er førebels nokså fjerne visjonar, og ikkje knytt til høghuset.

– Men ein skal aldri seie aldri. Aktørane og bedriftene som får plass i høghuset får uansett ein unik plassering midt i framtidas Straume sentrum, seier dagleg leiar Rikard Toft Ledang.

Lokale underentreprenørar

Det er Veidekke Eiendom som har den daglege leiinga av prosjektet, og som vil stå for prosjektoppfølging. Sartor Holding er representert i styret i selskapet.

– Veidekke Entreprenør vil stå for oppføringa gjennom ei såkalla totalentreprise. Vi har svært god erfaring med Veidekke. Ikkje minst fordi dei gir lokale underentreprenørar, og dermed lokal arbeidskraft, kontraktar i prosjekta våre, seier Aag.

Kristian Hogstad Lund frå Veidekke Eiendom AS er prosjektleiar for Regionens Hus. Han seier det er nokre spennende veker og månader vi går inn i.

– Regionens Hus er eit attraktivt prosjekt i porteføljen vår av næringsprosjekt som vi gjerne vil å få realisert saman med Sartor Holding. Forhåpentleg kjem vi i mål med leigetakarar slik at vi endeleg kan setja i gang bygginga.

I SENTRUM: På den asfalterte plassen til venstre i bildet skal høghuset byggjast.

Les også

keyboard_arrow_up