– Ingen har nok bygd meir enn oss her ute

edit today
Rundt 350 hus er ferdigbygde. 100 nye er på gang. Hundremillionarskontrakten med Vegesenet er underskriven. Men likevel må ein lokke store ord ut av bedrifta.

– Vi står for det talet at vi har bygd 350 hus sidan starten. Men vi veit ikkje heilt nøyaktig. Et par hundre ville eg sagt, smiler John Ingen Helleseth, dagleg leiar i TH Bhas Bygg.

Helleseth har vore med og forhandla fram storkontrakten med Sotrasambandet som blei underskriven sist veke, men held også der litt tilbake forventningane om kor mykje arbeid dei kjem til å få.

Kanskje det er nøktern optimist ein må vera for å lukkast i byggebransjen?

– Det kan bli arbeid med støyskjerming for ti hus, og det kan bli 150 hus. Vi veit ikkje. Men i utgangspunktet er det ein god moglegheit til å halde ti mann i arbeid i fire år, analyserer han.

Tillit til kvarandre

På andre sida av bordet sitt Lillian Drange. HR og økonomiansvarleg i det 21 år gamle selskapet. Ho har vore her sidan starten. No merkar vi at ho vil kommentere noko.

– John Inge har ein tendens til å ikkje villa skryta på seg noko, seier Drange.

– Realistisk! skyt Helleseth tilbake.

– Oss andre kan du gjerne tona litt ned, men du kan vera trygg på at han i alle fall ikkje overdriv, seier Drange og ler godt saman med sjefen.

Stemninga er god. Organisasjonen flat. Dei seks i administrasjonen får arbeide i fred, og har stor tillit til kvarandre. Ein liten familie, blir det sagt. Berre ikkje genetisk. Godt fellesskap. Knytt til kvarandre. Alle får sei det dei meiner.

FEIRA KONTRAKT: Administrasjonen i TH Bhas Bygg – Norgeshus Øygarden feira storkontrakt med Sotrasambandet med å dela ut is og brus til dei tilsette.

Til saman er dei 43 tilsette. 37 av dei byggjer for harde livet. Fleire prosjekt er på gang samtidig rundt svingen på Skjoldingsneset, feltet med panoramautsikt over Hjeltefjorden. Snart kjem det hus også på toppen. Dei husa får havutsikt mot vest, og fjordutsikt mot aust. Rundt 250 bustader har bedrifta bygd ferdig i området rundt Rong.

Kven skulle tru det då fire byggmeistrar slo seg saman på slutten av 1990-talet?

Det kryptiske namnet

– Omsetninga har stort sett auka kvart år fram til 2017 då det stoppa opp. Men no stig den fint igjen. Vi er marknadsstyrt, og det er enorm konkurranse i denne bransjen. Vi prøver å unngå å ta på oss jobbar berre for å gjere det. Vi vil helst sjå at vi tener pengar også, og må finne balansen mellom å ha kontroll på det vi gjer, og det å ha nok arbeid, forklarar Helleseth.

I namnet TH Bhas Bygg er Helleseth den første h´en. H´en i Bhas er Arvid Hellesund. T´en er Bjarte Magnar Torsvik og b´en er Jan Inge Blom.

– Først slo eg meg saman med Blom til Bhas Bygg, så slo vi oss saman med Bjarte og John Inge, fortel Arvid om starten.

Derfor det nærast kryptiske namnet TH Bhas Bygg. I marknadsføringa heiter dei langt enklare: Norgeshus Øygarden.

Generasjonsskifte

21 år seinare tenkjer Hellesund det var eit godt grep dei gjorde. I starten var dei tungt inne i Statoil og hadde tilsette fast på Mongstad og Sandsli også. No har arbeidet endra seg, og Arvid ser kor mykje som er på gang.

– Eg har eit inntrykk av det er god fart på sal og bygging av bustader. Vi held på på fleire plassar på ein gong, og det er eit godt teikn, meiner Arvid, som dreg handa over issen når han får spørsmål om framtida. Han smiler.

– Vi blir berre tynnare i håret.

Tre av dei fire gründerane bak TH Bhas Bygg har passert 60 år. Dei sit i leiinga alle saman.

– Vi har tenkt på det ei stund, og veit vi må gjera noko. Vi prøver å få inn litt yngre folk, seier han.

Dagleg leiar John Inge Helleseth er einig. Når han skal fortelja kva utvikling han ser for seg i bedrifta dei neste fem åra er det eit generasjonsskifte han beskriv.

– Vi jobbar med å førebu det. Det tar tid, og det er ei utfordring. Men det er på gang, og vi brukar mykje tid på å tenka framover, seier han.

HAR BYGD HEILE FELTET: TH Bhas Bygg som driv Norgeshus Øygarden har bygd hundre bustader på Skjoldingsneset, der dei fleste einingane har utsikt mot Hjeltefjorden. Hundre nye bustader er planlagt der.
Dette er ikkje ein stad folk sluttar

Med rammeavtalen med Sotrasambandet på plass, og hundre bustader på teiknebrettet, har tømrarar i distriktet også begynt å respondera på dei siste ledige stillingane. Å lande støysikringsavtalen har ført til fleire søknader.

– Det er eg ikkje i tvil om. Det seier dei også, dei som har vore på intervju, at dei har sett vi har fått kontrakten, og kjenner ei form for tryggleik med den, seier Lillian Drange, som får støtte av prosjektleiar Kenneth Trengereid.

– Vi står for trygge og langsiktige arbeidsplassar. Det ønskjer vi å vise at vi har. Det er veldig høg grad av ansiennitet i selskapet. Dei fleste tilsette jobbar her for alltid. Det trur eg mange vil setja pris på. Dette er ikkje ein stad folk sluttar, seier han.

FERDIGE MODULAR: På Øygarden Byggsenter blir ytterveggar produsert i modular før dei blir frakta og montert på nybygg.

Les også

keyboard_arrow_up