Ingen tvil om jobb-lysten

edit today
Over hundre flyktningar med CV-ane klar og og elleve bedrifter som tok i dei imot. – Tilbakemeldinga er heilt eintydig at dette blei ein suksess.

Verken Kirsten Syljeseth eller Øygarden kommune har nokon gong arrangert ei jobbmesse for flyktningar. Før tysdag. Likevel opplevde bedriftene det som nyttig å vera til stades.

– Det er veldig kjekt med dei gode tilbakemeldingane. Sjølv om det blei litt kaotisk til å begynna med er dette noko vi absolutt bør prøve å gjenta seinare, meiner Syljeset i prosjektgruppa for arrangementet.

Anja T. Moen Arefjord og Bente Moen Borge frå Vex Gruppen, arrangør Kirsten Syljeset, Monika Tøkje Hauge og Emilie Markus frå Beredt.

– Dette var veldig positivt, og vi gjer det gjerne igjen, seier Kristin Lauritsen frå Adecco.

Sotra Fiskeindustri hadde også ein populær stand, der bunken av CV-ar blei større og større.

– Vi har bruk for ein del folk i tida framover. Fleire er interesserte i denne type jobb, og eg er glad eg møtte opp på jobbmessa, seier dagleg leiar Trond Helge Nyegaard i fiskeforedningsbedrifta.

Ordførar Tom Georg Indrevik innleia med å fortelja flyktningane kor viktig det er for kommunen at alle finn seg til rette i Øygarden.

– Eg håpar flest mogleg finn seg noko å gjere. Det er viktig for oss å leggje til rette for at de skal ha ein meiningsfull kvardag, og ha noko å gå til. På den måten vil de også få føle at de bidrar, sa han før han motiverte dei til å aldri gje opp.

– Det er ikkje sikkert de får jobb i dag, kanskje ikkje neste veke eller neste månad heller. Men aldri gje opp! Stå på ved neste anledning. Det viktigaste du gjer for å auka sjansane dine er å prøva å læra mest mogleg norsk, oppfordra ordføraren.

Les kva kommunen skriv om jobbmessa her!

Kristin Lauritsen frå Adecco saman med Kirsten Syljeset.

Les også

keyboard_arrow_up