– Ja, laksen kan bli Noregs «IKEA»

edit today

– Bergen by har fått status som ”NCE Seafood Innovation Cluster”. Dette vil gje stor forskingsaktivitet i Bergen frametter og ”spinoff”-effekten på Sotra kan bli stor. Eg er usikker på om lokalpolitikarane i regionen har sett dette, men det er dei kommunane som tek havet i bruk til bærekraftig matproduksjon og legg til rette for innovativ landindustri som vert vinnarane, skriver Øyvind Blom.

Sotrabloggen er en næringsblogg for regionen vest for Bergen. Innleggene er personlige. Våre gjestebloggere får her mulighet til å fritt ytre seg om små og store temaer som de mener berører næringslivet. Denne gangen er det Øyvind Blom, daglig leder i Blom Fiskeoppdrett, som skriver.

Me er inne i ei uroleg tid. Oljeverksemdene på Ågotnes og elles i landet seier opp tilsette, og me høyrer om aksjemarknad og oljeprisar i fritt fall. Det som for kort tid sidan såg ut for å gå til himmels er no inne i ein korreksjon. For mange vil dette vera vondt og merkast på fleire sett.

Med auka arbeidsløyse, reduserte skatteinntekter og eit næringsliv som heldt igjen på pengebruken vil lokalpolitikarane truleg måtta gjera ubehagelege omprioriteringar. Noreg vil i langt tid framover ha olje og gass som vår viktigaste inntektskjelde, men det er ei kjennsgjerning at dette er ressursar som vil ta slutt.

Erna Solberg uttalte til NRK i mars at laksen er Noregs svar på IKEA. Fiskeri og havbruksnæringa er no Noregs nest største eksportnæring. Ekspertar uttalar at næringa kan femdoblast i omfang dersom ein løyser utfordringane med lakselus og rømming. Det føregår eit omfattande arbeid på teknologi og forskingssida på desse felta.

For oss som driv i denne bransjen er det tydeleg at kommunane på vestlandet har ulik innfallsvinkel til korleis ein møter dette. Dersom marin næring skal få same posisjon som olja har på Sotra og i Øygarden må kommunane spele på lag. Ei fem-dobling av produksjonen vil føre næringa ut på meir eksponerte lokaliteter, og anlegga vert større.

Dei kommunane som legg til rette for næringsareal i sjøen og på land vil få eit fortrinn i den industrialiseringa havbruksnæringa no er inne i. Det vil kome ein kraftig vekst som vil gje arbeidsplassar, skatteinngang og varekjøp der anlegga vert bygd ut. Det pågår eit storstilt arbeid langs kysten der næringsfattige kommunar jobbar systematisk for å trekke til seg bedrifter.

Bergen er i ei særstilling med tunge forskingsmiljø på akvakultur og fiskeri, og dei store børslokomotiva som Marine Harvest, Lerøy, Grieg og EWOS har hovudkontor i byen. Bergen by har fått status som ”NCE Seafood Innovation Cluster”. Dette vil gje stor forskingsaktivitet i Bergen frametter og ”spinnoff”-effekten på Sotra kan bli stor.

Sotra og Øygarden har i dag eit relativt lite fiskeri- og akvakulturmiljø samanlikna med andre kommunar på Vestlandet, men det vil opne seg moglegheiter med det som no skjer. Me har toneangivande verksemder både innafor fiskeri, havbruk og foredling, men eg ser ikkje bort frå at potensialet for at Ågotnes og Straume-miljøet også kan utvikla verksemder innan service og vedlikehald.

Eg er usikker på om lokalpolitikarane i regionen har sett dette, men utfordringa er hermed gitt. Det er dei kommunane som tek havet i bruk til bærekraftig matproduksjon og legg til rette for innovativ landindustri som vert vinnarane, så lenge stortingspolitikarane legg til rette for vekst i bransjen.

Det krev at Erna Solberg føl opp utsegna om at ”laksen er Noregs IKEA”. Og at lokalpolitikarane:
1. Syter for at kommuneplanane har store nok sjøareal regulert til fiskeri og havbruksaktivitet
2. Instruerer administrasjonen, især planavdelingane, til å gje løyve til oppstart

Øyvind Blom
Dagleg leiar
Blom Fiskeoppdrett AS

Les også

keyboard_arrow_up