Kjære medlem: God sommar!

edit today
Det har begynt å bli rolegare i innboksane. Det merkar vi også. Sommaren er i gang. Det er godt.

Samtidig ser vi fram til hausten. For oss i Vest Næringsråd er det ei spennande tid der vi skal få ny dagleg leiar.

Søknadsfristen gjekk ut 30. juni, og styret, med leiar Øyvind A. Langedal i spissen, tek seg av tilsetjinga.

Oppdatert

Dei siste månadene har vi fått hjelp på kontoret. Dominika Mikolajczak har vore på arbeidstrening hos oss, og ho har oppdatert store delar av medlemsregisteret.

Hun har registrert 141 nye kontaktar som no får informasjon frå oss. Vi set stor pris på jobben Dominika har gjort for organisasjonen. Arbeidet vil fortsetja etter ferien.

God ferieavvikling i bedrifta, og god sommar til alle medlemmane våre!

Rikard og Anders

Les også

Meny