Kjøpte gåvekort for 272 000 kroner

edit today
Julebordet på Fryd blei umogleg å gjennomføra. Det var då Sartor Maskin-leiinga fekk ideen som likevel kan hjelpa serveringsstadene som manglar kundar.

– Vi oppmodar dei tilsette om å bruka desse gåvekorta på ein bransje som har det vanskeleg, seier dagleg leiar Arild Bøthun.

Onsdag henta han dei 136 gåvekorta, kvart på 2000 kroner, som han vil dele ut til dei tilsette. Ei julegåve blanda med erstatning for at det ikkje blir noko felles julesamling i bedrifta. Koronarestriksjonane gjer det umogleg for ei så stor bedrift i år.

– Dei tilsette har stått på og jobba godt heile året. Vi syns dei fortener dette. På eit anlegg er det kanskje berre 2-5 som jobbar saman. Då er det veldig mange som jobbar i same bedrift som aldri ser kvarandre, og når vi då ikkje kan arrangera noko sosialt i år tenkjer vi det vil vera fint å oppmoda dei om å ta med seg kjærasten eller familien ut og ete. Ei påskjønning, og ein moglegheit for å gå ut og kosa seg, seier Bøthun.

– Eg er ingen helgen

På grunn av avtaler inngått i fjor, har Sartor Maskin klart å halde aktivitetsnivået opp i korona-krisa. Ingen har vore permitterte. Han oppmodar også andre bedrifter som har hatt eit tilnærma normal-år i omsetning, å bidra til at hjula går rundt i samfunnet.

– Både innbyggjarar og næringsliv i Øygarden har vore dei viktigaste kundane våre i mange år. Då er det viktig for oss at vi brukar pengar på noko som gjer at vi har eit kundegrunnlag i framtida også. Vi skal ikkje gjera oss til større helgen enn vi er, vi har ei klar eigeninteresse i dette også. Vi er avhengig av at hjula blir haldne i gang i kommunen, seier Bøthun.

Tek ikkje sjansen

På serveringsstadene på Sartor Storsenter er det meste av julebord avlyst. Slik det er for store delar av bransjen. Sjølv om restaurantane er opne, kjem det svært få kundar innom, og så å seie ingen bedrifter tør samle sine tilsette til ordinære julebord.

Sartor Storsenter tek heller ikkje sjansen.

– Skulle det skje noko så har du plutseleg alle medarbeidarane dine i karantene. Og det ville vera uhaldbart. Difor er dette initiativet til Sartor Maskin så fantastisk bra. Det kan føra til at nokre av serveringsstadene får vesentleg hjelp, meiner direktør Thomas Skålnes.

– Det er lov å ete ute

Alle restaurantane og serveringsstadar har opent. Men når styresmaktene ber folk om å halde seg mest mogleg heime er det svært vanskeleg å få kundar.

– Men det er lov å handle. Det er lov å gå ut og ete. Det er veldig trygt. Smittevern blir verkeleg tatt på alvor. Er du frisk vil eg også tru det er eit positivt avbrekk frå ein utfordrande kvardag å gå på restaurant, seier Skålnes, som slit med å få fullrost Sartor Maskin for si alternative julebords-feiring.

– Eg syns dette er eit strålande døme på merkevarebygging. Det samfunnsansvaret Sartor Maskin viser her gir dei ei stjerne i margen. Det blir lagt merke til og hugsa på, meiner han.

Les også

keyboard_arrow_up