Klappa og klart for Sotra Link

edit today

Alt ligg til rette for at Sotra Link kan sette sine spadar i jorda i 2022. – Dei er allereie godt i gang med sjølve mobiliseringa av prosjektet.

Det fortel prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i ei pressemelding. Sidan 2018 har det gått føre seg omfattande arbeid langs strekninga for nytt Sotrasamband. No er Statens vegvesen ferdige med forberedande arbeid.

– Siste rest av Arefjordvegen vart nyleg ferdig og opna for trafikk, og med det er Statens vegvesen offisielt ferdige med å førebu for bygging av det nye Sotrasambandet. Det har vore omfattande arbeid utført i godt samarbeid med BKK og våre entreprenørar. Vi har lukkast med å fullføre det i god tid før OPS-leverandøren startar sitt arbeid, seier Rinde.

Blant arbeida som er utført dei siste åra er nær 400 grunnerverv, omlegging av 3,8 km høgspentline, bygging av kabeltunnelar til høgspentlina og høgspentomlegging samt ulike vegarbeid i Arefjordvegen og Bildøyvegen. I tillegg er det starta opp omfattande arbeid med tiltak mot støy bustader på strekninga frå Storavatnet i Bergen til Kolltveit i Øygarden.

Prosjektsjef for Rv. 555 Sotrasambandet Arve Tjønn Rinde seier at alt no er klart for OPS-leverandøren Sotra Link som skal byggje det nye Sotrasambandet med planlagt vegopning 1. juni 2027.

Arve Tjønn Rinde
Fleire hundre grunnervervsavtalar er inngått

Det nye Sotrasambandet skal gå igjennom område med mykje bustader og næring, og vegvesenet har utført både erverv av heile eigendommar og mindre stripeerverv langs strekninga.

– Grunnerverv har vore naudsynt for å kunne realisera prosjektet, og vi er takksame for at vi har klara å inngå avtalar med huseigararar og grunneigarar langs strekninga. Nokre har måtte flytte frå heimane sine, medan andre har avstått grunn. Det har vore ein krevjande prosess og ikkje alltid rett fram. Men ettersom reguleringsplan har vore tydeleg og godt beskrivande har vi hatt med oss eit godt mandat når grunnerverva skulle gjennomførast, seier prosjektsjefen.

Signerer kontrakt i februar 2022

Statens vegvesen er for tida inne i siste del av OPS forhandlingane og vil signere kontrakt med Sotra Link i februar 2022. Før det skal det utførast ein stor jobb med ferdigstilling av dei finansielle låna, tredjepartsavtale, samt reinskriving av sjølve kontraktsdokumenta. Sotra Link har allereie arbeida med mobilisering, prosjektering, grunnundersøkingar, samt etablering av ulike søknader og godkjenningar mot andre offentlege aktørar.

– Sotra Link er allereie godt i gang med sjølve mobiliseringa av prosjektet og har starta arbeidet med prosjektering. Her er det mykje informasjon og føresetnader som dei må setje seg inn i. Det er spesielt kjekt å sjå at Sotra Link brukar tida fram til kontraktssignering å tileigne seg denne kunnskapen allereie no, seier Rinde.

Nytt vegsystem skal stå ferdig innan 1. juni 2027. Estimert byggetid er fem år. Sotra Link startar sine forberedande arbeider i løpet av neste år, før anlegget vert sett i gong for fullt i 2023. På det meste vil Sotra Link sysselsette 1000 personar på anlegget.

Animasjonsfilm som viser ny riksveg 555 Sotrasambandet. Filmen er produsert av Sotra Link.

Les også

keyboard_arrow_up