Klar for tredje runde med krisemidlar?

edit today
Nok ein gong har Øygarden kommune fått millionbeløp til å dela ut til kriseramma bedrifter. Denne gongen er det snakk om 3,5 millionar kroner.

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) har fordelt ekstra midlar til lokale verksemder som er særleg hardt ramma av covid-19 epidemien.

Dette gjeld særskilt støtte som kompenserer lokale verksemders kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og/eller stenging og som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt så langt i 2021.

Kven kan søkje?

Lokale verksemder i alle bransjar, inkludert lag og organisasjonar, som er ramma av koronakrisa.

Øygarden næringsutvikling oppmodar spesielt verksemder innan reiseliv-, arrangements- og serveringsnæringane til å søkje.

Alt om kriterier samt søknadsskjema finn du her på Regionalforvaltning.no.

Spørsmål om søknaden kan rettast til Øygarden næringsutvikling KF v/Hanne Misje Lokøy; e-post: hanne.lokoy@oygarden.kommune.no / mobil: 99301843.

Søknadsfristen er 30. september 2021.

Les også

Meny