Korleis skal Øygarden lykkast med næringsutvikling?

edit today

No kan du vera med og påverka korleis næringslivet i kommunen skal utvikla seg dei neste tolv åra.

– Dette er det viktigaste møtet mellom kommunen og privat næringsliv på lenge, seier dagleg leiar Anita Mannes i Øygarden næringsutvikling.

Anita Mannes, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling

Saman med Vest Næringsråd kallar Mannes inn bedriftsleiarar – så mange som mogleg – til eit digitalt innspelsmøte. Bakgrunnen er at kommunen no jobbar med å utvikla ny samfunnsdel til kommuneplan 2022-2034, og i den ei skisse til næringsstrategi.

Kva er ditt svar?

Kort sagt skal ein finna svaret på spørsmålet: Korleis skal Øygarden lykkast med næringsutvikling framover?

Svaret frå bedriftsleiarar innan ulike bransjar blir med i arbeidet vidare for å forma Øygarden som eit fyrtårn i vest, slik intensjonsavtalen mellom dei tre tidlegare kommunane var.

– Vi ønskjer eit grønt og innovativt næringsliv i framtida, og ønskjer innspel til korleis vi kan realisera dette, og kva kompetanse vi treng for å nå målet om å bli Noregs nye industrieventyr, seier Mannes.

Dagleg leiar, Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd trur næringslivet vil stilla opp med synspunkt i denne prosessen, og minner om at det er no de har sjansen.

Rikard Toft Ledang, dagleg leiar i Vest Næringsråd.

– Dette er eit utruleg viktig møte. Her kan næringslivet vera med frå starten av og påverka korleis den nye kommunen best kan leggje til rette for næringslivet dei neste tolv åra. Eg er glad for at Øygarden kommune involverer næringslivet på denne måten. No har vi sjansen til å unngå det som er aller enklast, nemleg å vera etterpåkloke, seier Ledang.

Tolv års perspektiv

Avdeling for areal- og samfunnsplan er no i gang med å samla innspel til ny samfunnsdel til kommuneplan for Øygarden. Samfunnsdelen skal fastsetja mål og strategiar for samfunns- og næringsutviklinga i eit 12-års perspektiv. For å kunna styra i rett retning treng vi gode og konstruktive innspel frå næringslivet.

– Det er kjempeviktig for oss å få innspel no. Vi treng å vite kva dei ulike næringsaktørane meiner, slik at vi kan gje eit best mogleg kunnskapsgrunnlag til politikarane som skal vedta kommunen sine langsiktige mål, seier Eli Janette Fosso, som leiar arbeidet med å henta kunnskap frå bl.a. næringslivet.

Tema som skal takast opp i møtet er:

  • Korleis kan di næring veksa? Korleis kan kommunen vera ein god samarbeidsaktør?
  • Kva kompetansebehov har de i din bransje? Og korleis kan vi samarbeida for å sikra tilgang på god og framtidsretta kompetanse?
  • Korleis kan kommunen og næringslivet samarbeida for å få fleire i arbeid, og etablera eit godt og inkluderande arbeidsliv?
Kor bør dei ulike næringane «bu»?

Frå eit næringslivsperspektiv kan det også vera verdt å merka seg at kommuneplanen sin samfunnsdel også skal sei noko om Øygarden sine overordna og langsiktige arealstrategiar. Det vil sei kor i kommunen ein bør leggje til rette for ulike næringar, kor bør bustadbygging skje og kor ein bør leggja til rette for handel.

– Kort forklart betyr dette at dei måla kommunen set for t.d. næringsutviklinga, skal gjenspegla seg i våre arealstrategiar. Prinsippet er at arealstrategiane skal støtta opp om og bida til at kommunen når dei langsiktige måla som vert fastsett i samfunnsdelen, seier Fosso.

Les også

keyboard_arrow_up