– Kva om vi oppretta kommunale næringsteam?

edit today

– Spesielt viktig er det at det offentlege byråkratiet speler på lag i omstillingstider! Skriver Kari-Anne Landro i Sotrabloggen. Her lanserer hun ideen om kommunale «næringsteam».

Sotrabloggen er en næringsblogg for regionen vest for Bergen. Innleggene er personlige. Våre gjestebloggere får her mulighet til å fritt ytre seg om små og store temaer som de mener berører næringslivet. Denne gangen er det Kari-Anne Landro, ordfører i Sund kommune, som skriver.

På mange måtar lever næringslivet «sitt eige liv» uavhengig av kommunegrenser. Eg har bakgrunnen min i frå oljesektoren kor eg har jobba både i engineeringsbransjen og i oljeselskap. Det siste året har absolutt vist oss at det er faktorar langt utover nasjonale storleikar som er med og påverkar den bransjen, og som fører til at ting kan snu veldig fort. Når det gjeld slike konjunktursvingingar blir kommunen ubetydeleg.

Som ordførar har eg sett desse svingingane i oljesektoren litt frå utsida og ikkje vore midt opp i det sjølv. Det har kanskje gjort meg betre til å sjå heilskapen. Eg veit at oljesektoren vil leva vidare fordi det er oljefelt der ute som skal produsere i mange år til og nye prosjekt er på gang, men eg opplever at det no også blir fokus på ein god del andre næringar som har vore viktig, men ikkje minst vil bli endå viktigare framover. Vestlandet har heldigvis fleire bein å stå på!

Ei av desse næringane er marin næring og det er også ei stor, global næring kor vi som kommune blir liten. Likevel veit vi at Bergen er eit sentrum når det gjeld sjømatnæringa og vi som nabokommune til Bergen har alltid hatt sterke tradisjonar innanfor denne næringa. Mange av arbeidsplassane i Sund i dag er knytt til denne næringa gjennom tradisjonelt fiske, oppdrett, foredling og utvikling av nye produkt knytt til avskjer frå fiskeindustrien. Sund har lenge vore tydeleg på at ein vil satsa vidare på den næringa og alt tyder på at dette er ei næring som vil utvikla seg stort i åra som kjem.

Næringsliv skapar samfunnsliv. Folk buset seg der det er arbeidsplassar. Næringslivet gjev tilbake til samfunnet gjennom sponsing og anna engasjement.  Ei ny bedrift i lokalsamfunnet kan skapa meir aktivitet for eksisterande verksemder, fordi ein til dømes nyttar seg av lokale handverkarar, bestiller varer av den lokale kjøpmannen og bruker lokale cateringfirma eller det lokale hotellet i samband med møter og anna besøk. Ut frå dette kan gründerar finne grunnlag for å starte små føretak.

Vi skal difor ta godt vare på og heie fram alle små og store næringsaktørar i lokalsamfunnet vårt. Som kommune er det viktig å møta kvar enkelt næringsaktør med ei positiv haldning. Eg ser for meg at ei god løysing er eit næringsteam i den kommunale forvaltninga, som syter for at saker frå næringsaktørar kjem opp og fram og øvst i bunken. Kva treng aktøren hjelp til? Er det hjelp til etablering? Er det trong for utvikling- eller omstillingsprosjekt? Er det arealspørsmål? Er det spørsmål knytt til infrastruktur? Ta eit møte! Snakk ansikt til ansikt! Unngå for mykje brevskriving! Avklar forventningar hos begge partar! Følg opp! Ha ei målsetjing om at dette får vi til!

Kommunen har ein del verktøy for å møta næringsaktørar og syte for utvikling, mellom anna gjennom eigarskap i Business Region Bergen og Gode Sirklar. Likevel er det rom for forbetring og nytenking.

Ein svært sentral faktor for næringsutvikling er tilrettelegging av nytt næringsareal. Her har fylkeskommunal og statleg mynde sitt å seie. Sund møter gang på gang innvendingar hos sentrale mynde og det blir tidkrevjande, dyrt og nokre gongar umogleg å få ting gjennomført. Viss ein ikkje kan tilby tilgjengeleg areal så vel aktørane ein annan stad å etablere seg. Her er det ein jobb å gjere.

Spesielt viktig er det at det offentlege byråkratiet speler på lag i omstillingstider!

Vi er ein del av ein større bu- og arbeidsregion og må tenke utover eigne kommunegrenser. Eg er spent på resultatet av den regionale næringsarealplanen for Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som er under utarbeiding, og eg trur det er viktig å satse vidare på næringsutviklingssamarbeid i til dømes selskap som Gode Sirklar og Business Region Bergen. Eg set pris på den møteplassen Vest Næringsråd er, der kan eg lytte til behova i næringslivet.

Det aller viktigaste er å lytta til næringa sjølv, og det offentlege må omstille seg etter næringslivet.

Kari-Anne Landro (H)

Ordførar, Sund kommune

 

 

Les også

Meny