Kven syns du bør bli Årets Bedrift 2019?

By 29/10/2019Nyheter

Kva bedrift har utmerka seg spesielt positivt i vår region i 2019? Send inn forslaget ditt til juryen!

Forslaget ditt sender du med grunngjeving til vnr@vnr.no.

Formålet med «Årets Bedrift» er å bidra til å styrka og utvikla næringslivet i Nye Øygarden kommune. Vinnaren bidrar også til å motivera til auka innsats i næringslivet generelt.

Prisen blir delt ut på årsfesten til Vest Næringsråd, fredag 29. november på Panorama Hotell & Resort. Meld deg på her!

Kriterier for prisen «Årets Bedrift»

Juryen skal gjera ei helheitsvurdering der følgjande ligg til grunn:

  • Utvikling og lønsemd
  • Serviceinnstilling
  • Produktutvikling
  • Sal/marknadsføring inkludert eksport
  • HMS og kvalitet
  • Profil og omdømme

Bak prisen står DNB, Nordea, Sparebanken Vest og Vest Næringsråd. Juryen består av ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, revisor Knut Inge Sylta og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang.

Tidligere vinnere av Årets Bedrift

Det er 20 år siden den første prisen ble delt ut. Her er lista over alle som har stukke av med utmerkinga:

  • 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
  • 1999: Coast Center Base
  • 2000: FMC Kongsberg Subsea
  • 2001: Blom Fiskeoppdrett
  • 2002: Radio Sotra
  • 2003: Sotra Marine Produkter
  • 2004: VEX-Gruppen
  • 2005: Liegruppen
  • 2006: Sartor Storsenter
  • 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
  • 2008: Straume Næringspark
  • 2009: Sotra Fiskeindustri
  • 2010: AGR Field Operations
  • 2011: Turbuss Vest
  • 2012: Coast Center Base
  • 2013: Telle Gruppen
  • 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
  • 2015: ACOS
  • 2016: Kystmuseet i Øygarden
  • 2017: Cornelius sjømatrestaurant
  • 2018: Sotra Bil

Author Anders Ekanger

Flere nyheter av Anders Ekanger
– Lærlingar er spesielt sårbare for varsling
MENY
Vest Næringsråd
X