Kven bør bli Årets Bedrift 2021?

edit today
«Årets Bedrift» skal bidra til å styrka og utvikla næringslivet i Øygarden kommune.

Har du eit forslag til kven som fortjener prisen i 2021? Forslaget ditt sender du med grunngjeving til vnr@vnr.no.

Prisen blir delt ut på årsfesten til Vest Næringsråd, fredag 12. november på Panorama Hotell & Resort.

Kriterier for prisen «Årets Bedrift»

Juryen skal gjera ei helheitsvurdering der følgjande ligg til grunn:

  • Bærekraft
  • Utvikling og lønsemd
  • Serviceinnstilling
  • Produktutvikling
  • Sal/marknadsføring inkludert eksport
  • HMS og kvalitet
  • Profil og omdømme

Bak prisen står Nordea og Vest Næringsråd. Juryen består av varaordførar i Øygarden, Torill Selsvold Nyborg, styreleiar Øyvind Langedal og dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang.

Tidlegare vinnarar

På grunn av avlyst Årsfest i 2020, blei prisen delt ut heilt overraskande utanfor Fabtech sine lokaler på Ågotnes, der administrerande direktør Gert Chr. Strindberg blei tatt på senga.

– No blei eg nesten litt målløs. Eg pleier jo ikkje det, smilte han, etter han hadde mottatt diplom, blomar og den gjeve klokka som føl med heidersutmerkinga.

Det er 20 år siden den første prisen ble delt ut. Her er lista over alle som har stukke av med utmerkinga:

  • 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
  • 1999: Coast Center Base
  • 2000: FMC Kongsberg Subsea
  • 2001: Blom Fiskeoppdrett
  • 2002: Radio Sotra
  • 2003: Sotra Marine Produkter
  • 2004: VEX-Gruppen
  • 2005: Liegruppen
  • 2006: Sartor Storsenter
  • 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
  • 2008: Straume Næringspark
  • 2009: Sotra Fiskeindustri
  • 2010: AGR Field Operations
  • 2011: Turbuss Vest
  • 2012: Coast Center Base
  • 2013: Telle Gruppen
  • 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
  • 2015: ACOS
  • 2016: Kystmuseet i Øygarden
  • 2017: Cornelius sjømatrestaurant
  • 2018: Sotra Bil
  • 2019: Straume Mesterbygg
  • 2020: Fabtech

Les også

Meny