– Lærlingar er spesielt sårbare for varsling

By 25/10/2019Nyheter
Tenk deg at du står framfor kollegaer og kundar når sjefen plutseleg brøler til deg: Idiot! Drittunge! Du er inkompetent!

Slike situasjonar må lærlingane takle. 70 lærlingar i Hordaland blei i fjor utsett for systematisk mobbing (to-tre gongar i månaden) på arbeidsplassen. 20 fortel om seksuell trakassering.

– Spesielt på meldingar om seksuell trakassering ser vi ein auke, fortel Kristine Angelsen, jurist og rådgjevar i Hordaland Fylkeskommune. Men det er umogleg å seie om auken kjem av eit generelt større fokus på å stå fram etter MeToo, eller om det faktisk skjer fleire hendingar enn før.

Det er fylkeskommunen som har det overordna ansvaret for vidaregåande opplæring i bedrift. Det er dei som godkjenner lærebedrifter, lærekontraktar og følgjer opp lærlingar heilt fram til fag-eller sveineprøve.

3,7 prosent blir mobba

På frukostseminar om varsling torsdag, beskreiv Angelsen kvifor lærlingar er ei spesielt sårbar gruppe når det kjem til å melde frå om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen.

For det er ikkje tvil om at lærlingar hamnar i uønskte situasjonar.

I Lærlingundersøkinga, der 2. års-lærlingane blir spurt om korleis dei har det på jobb, svara 70 i fjor at dei blei utsett for mobbing to-tre gongar i månaden. (Sjå figuren under)

Resultata er ein liten nedgang – frå 73-70 – frå året før, men er likevel ifølge Angelsen, alt for mange. Ho kom med alvorlege eksempel på mobbing og trakassering:

  • Ein lærling blei med vilje skada med eit arbeidsverktøy av ein kollega, slik at vedkommande måtte på legevakta.
  • Ein lærling fekk riven av seg ei arbeidsdrakt slik at vedkommande blei ståande i undertøyet.
  • Ein lærling blei ropt og brølt til av sjefen framfor andre tilsette og kundar, og kalla idiot, drittunge og inkompetent.

– For dei lærlingane som varslar oss, er dette eit veldig stort problem. Dei føler seg åleine, dei er unge arbeidstakarar og dei veit ikkje heilt korleis dei skal handtere ein sånn situasjon der dei opplever kritikkverdige forhold, seier Angelsen.

Får hjelp til å sei frå

Meldingane om mobbing og trakassering kjem ikkje alltid frå ungdommane sjølv. Nokre gongar er det familie eller vener av dei. Andre gongar er det andre tilsette som har sett og høyrt kritikkverdige hendingar.

– Det kan vere sjefen sjølv som står bak mobbinga, og då er det vanskeleg for dei å takle, seier Angelsen.

Angelsen forklarte at lærlingar er vanlege arbeidstakarar og har rettar både etter arbeidsmiljølova og opplæringslova. Lærebedriftene skal sikre dei eit godt arbeids- og læringsmiljø.

Author Anders Ekanger

Flere nyheter av Anders Ekanger
– Eg gjorde det rette, men føler eg tapte
MENY
Vest Næringsråd
X