Eit knippe bedrifter var fredag med og starta opp Ågotnes Maritime Cluster. Målet er at bedriftene skal samarbeida tettare om grøn omstilling framover.
– Det var ein veldig god respons på invitasjonen. Ein god start å merka at folk er motiverte for at det skal skje ting. No må vi finne fellesnemnarane og jobba vidare, seier Hanne Misje Lokøy, leiar for marknad og kommunikasjon i CCB.
Saman med Vestland fylkeskommune tok ho initiativ til lanseringsmøte på Ågotnes fredag.
CCB-basen på Ågotnes er av Grøn Region Vestland peikt ut som ein av 19 energiomstillingshubbar i Vestland. Fylket sitt mål er å samla kreftene for grøn omstilling i desse ulike hubbane, og no er tida komen for å konkretisera dette arbeidet på Ågotnes.
– Omstilling skjer
– Grøn omstilling er ikkje noko vi politikarar kan vedta. Men vi kan vera med og leggja til rette for det. Omstilling vil skje i samspelet som skjer i næringslivet, sa ordførar Tom Georg Indrevik, då han innleia samlinga.
Seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, Tor Martin Misund viste kva som er utgangspunktet for satsingar på hubar i Vestland. Noreg skal:
- kutte 55 % av klimautsleppa
- auka fastlandseksporten med 50 %
- skapa 300 000 nye grøne arbeidsplassar
– Heilt konkret utfordrar vi dykk på fleirbruk, gjenbruk og sambruk. Finn måtar de kan samarbeide om desse tinga, sa Misund.