LOS-ar vegen for lærlingar

edit today
– Det hadde vore naturleg å skjera ned talet på lærlingar, men det vel vi å sjå fekk frå.

Per Oddmund Særsten i LOS Elektro er klokkeklar. Han vil ikkje la nedgangstider gå ut over lærlingar i bedrifta. I desse dagar gjennomfører selskapet Skype-intervju med kandidatar frå Sotra vidaregåande skule. Lærlingane drøymer om læreplass. Noko Særsten ikkje vil stå i vegen for.

– Planen vår var å ha åtte lærlingar. Og det har vi tenkt å fortsetja med. Sjølv koronaviruset skal ikkje få øydeleggja for dei, seier han.

25 prosent av dei tilsette har fråvêr

LOS Elektro har 120 tilsette i Bergen og omegn. Førti av desse jobbar utfrå kontoret i Straume Næringspark. Rundt 25 prosent av arbeidsstokken i heile bedrifta er av ulike årsaker vekke frå arbeidsplassen akkurat no. Men det er på grunn av karantene, barnepass o.l. Ikkje fordi dei er permitterte.

Likevel merkar bedrifta redusert arbeidsmengde i fleire segment. Spesielt i oljebransjen. Der hadde LOS Elektro for kort tid sidan 80 mann i arbeid, og blei spurt om 100 ekstra.

– Men på grunn av koronaviruset stoppa prosjekt etter prosjekt opp. No har vi rundt 20 mann i arbeid i oljerelaterte verksemder, medan 50-60 er omplasserte til anna arbeid. Då hadde det vore naturleg å skjæra ned på talet på lærlingar, men vi vel å sjå vekk frå dette, seier han.

– Viktig å få lærlingar ut i arbeid

Framover ser han nemleg for seg mykje arbeid. Ikkje minst når LOS skal igang med det elektriske anlegget på bybanetraseen til Fyllingsdalen. Dette arbeidet startar over sommaren.

– Vi må sjå lyst på livet, tenkjer eg. Og eg håpar lærlingane ikkje blir skadelidande av tida vi er inne i. Det er viktig å få dei ut i arbeid, meiner han.

LOS tilsette fire lærlingar for to veker sidan, og står att med fire plassar til hausten. Kandidatane blir intervjua i desse dagar. Alle frå Sotra vidaregåande skule.

– Dette vil elevane setje pris på

– Dette er berre utruleg flott. Vi har eit flott næringsliv i Øygarden som er flinke til å ta inn lærlingar. Dette vil elevane setje veldig stor pris på, seier Line Gaska, avdelingsleiar for yrkesfag ved Sotra vidaregåande skule.

Gaska fortel at kvar einskild lærar har beroliga elevane i situasjonen. Dei har heimeundervisning, og gir uttrykk for at dei saknar skulen og ein normal kvardag. Framover står det berre att for elevane å halda seg flytande i faga, og få så gode karakterer dei maktar før læretida.

– Ingen bedrifter har til no meldt tilbake til oss at dei reduserer talet på lærlingar, seier Gaska fornøyd.

Les også

keyboard_arrow_up