Manglar 5250 tilsette

edit today

Meir enn kvar femte private og offentlege verksemd i Vestland slit med å få tak i den arbeidskrafta dei treng. Det kjem fram i NAV si bedriftsundersøking. Heilt nøyaktig svarer 22 prosent av verksemdene, offentlege og private, at dei har alvorlege problem med å rekruttera nye. I heile Noreg manglar norske bedrifter 52 850. Det er ein nedgang frå i fjor. Størst mangel er det innan helse, pleie og omsorg, estimert til 13 000 personar. Det er særleg stor mangel på sjukepleiarar (4 650), helsefagarbeidarar (2 700), og andre helseyrker (1 950). Den nest største mangelen er etter bygge- og anleggsarbeidarar, der talet no er 6 750 personar for få. Særleg er det mangel på tømrarar og snekkarar, elektrikarar, samt røyrleggjarar og VVS-montørar. Yrkesgruppa med tredje størst mangel er industriarbeid, med ein estimert mangel på 6 600 personar. Innan denne yrkesgruppa er det særleg mangel på sveisarar (700), anleggsmaskin- og industrimekanikarar (700) og automatikarar (600).

Les også

keyboard_arrow_up