– Nærare tusen på yrkesmessa

edit today
Rotary heiv seg rundt og fekk gjennomført årets yrkesmesse to veker før fristen går ut for å søkja vidaregåande opplæring.

– Det blei litt i hu og hast på grunn av smittevernreglane, fortel leiar av messekomitéen, Jens Gunnar Turøy.

Ingen ville tilbake til fjorårets digitale messe, verken arrangørar eller utstillarar. Difor måtte ein berre utsetja messa som vanlegvis går av stabelen i veke to kvart år. Akkurat då var Noreg på nytt stengt ned. I tillegg blei lokalet i Sotra Arena nytta til vaksinasjonar.

– Men vi fekk det til, og hvis vi reknar med elevar, foreldre og utstillarar, meiner eg det var mellom 900 og tusen innom, fortel Turøy.

Årets messe blei arrangert i dei tidlegare Vil Vite-lokala i Sartor Storsenter. Dagen før hadde regjeringa opna landet på vidt gap. At elevane fekk møte utstillarane ansikt til ansikt, trur Turøy har stor verdi.

– Både utstillarar og skulane er veldig positive til denne messa, og syns det er eit fantastisk tiltak. Elevane får spørja om ting dei ikkje får lest seg til, og akkurat det er enklare face-to-face. Vi var kanonheldige med den opninga av landet, smiler han.

Dette var Rotary si 35. yrkesmesse på Sotra.

Sjå bilete frå messa her:

(Alle foto: Hanne Misje Lokøy, Øygarden næringsutvikling KF)

Les også

keyboard_arrow_up