– Når det er uroleg: Ver tilgjengeleg!

edit today
Det kunne tolkast dystert, då Hogne Tyssøy i dag analyserte verdssituasjonen og utsiktene. Men med dei viktige orda «…eg er optimist» løfta han oss heldigvis oppigjen.

For det er vanskeleg å finna lyspunkt når det er krig i Europa, og vårt eige naboland er den angripande part. Det var ytterst få som såg føre seg det Ukraina står i no. Sjølv om kriser inntrer med ujamne mellomrom.

– Kva er ditt viktigaste råd til bedriftene i Øygarden akkurat no?

– Det viktigaste er at den enkelte bedrift må kartleggje kva er kritisk for selskapet. Er det å få tak i delar, råvarer o.l.? I tillegg må ein holde god kontakt med kundane og forretningsforbindelsar. Når det er uroleg; ver tilgjengeleg! Og sist; ha god dialog med kolleger/ansatte. Alle treng å bli informert om det som skjer.

Tyssøy påpeika at gjennomsnittsrenta heilt sidan det ble mogleg å låna pengar frå bankane i Noreg er fire prosent, og at vi må vera førebudd på at det blir det normale framover.

Han konkluderte også med at prisane på energi og råvarer har auka så mykje at det vil føra til krav om høgare lønnsvekst. Åtvaringa kom likevel kjapt om dette. Auka lønnsvekst vil kunna pressa renta ytterlegare opp.

Takk for delinga av kunnskap Hogne Tyssøy. Vi planlegg møteserien vidare, og kjem til å ta for oss temaet «energi» på neste samling i slutten av april. Nøyaktig tidspunkt kjem i kalenderen på www.vnr.no om ikkje lenge.

Les også

keyboard_arrow_up