– No er det armer og bein her!

edit today
Dagen før opninga av nye Obs Bygg Straume kryr det av folk som gjer klart til nyopning. – Her kan vi serve kundane på ein heilt annan måte!

Det seier driftssjef Monica Cesar i Coop Hordaland. Obs Bygg har 57 slike varehus i Noreg. Dette glinsar aller mest, akkurat no.

Men blir det ferdig?

– No har vi vatn!

Anleggsleiar Karsten Midttveit frå Brødrene Ulveseth pirkar Monica Cesar på skuldra, og sender frå seg orda som lettar nok ei lita bør for driftssjefen i Obs Bygg Hordaland. Vatnet har mangla, toalettbesøk venta, men plutseleg var det på plass.

Nøyaktig eitt år har utbyggjaren brukt på å reisa det 7424 kvadratmeter store varehuset på Søre Straume. Midttveit og Cesar skryt av kvarandre. Samarbeidet. Dialogen.

Dei Obs Bygg-tilsette fekk starte på innreiinga trass i at det framleis var ein byggeplass. Det er først i dag dei kan gå utan hjelm og vernesko i lokalet.

Anleggsleiar Karsten Midttveit frå Brødrene Ulveseth har brukt nøyaktig eitt år på å reisa bygget på Søre Straume. Driftssjef Monica Cesar meiner samarbeidet under bygginga har vore svært godt.

– Vanlegvis overtar vi bygget to-tre veker før opning, men det kunne vi ikkje denne gongen. Dermed måtte folka våre bruke verneutstyr og jobbe samtidig med handtverkarar for å få det ferdig. Vi har hatt eit utruleg godt samarbeid med Brødrene Ulveseth, rosar Monica Cesar.

Drive-in-himmelen

Driftssjefen vandrar gjennom butikken og forklarer. Viser den enorme malingsavdelinga, kontora, varemottaket på baksida. Stor plass. Overalt. Heilt motsatt av lokalet dei flytta ut frå i helga.

– Vi hadde vokst oss ut av huset der for flere år sidan. Vi kunne ikkje ha drifta det der oppe. Her får vi eit fullt sortiment, og slepp å seie til kundane at dei må ta seg ein tur til eit av dei større varehusa. At kundane har halde ut med oss under dei forholda vi hadde, står det stor respekt av, meiner ho.

Vi går vidare og får ei innføring i drive-in-avdelinga. Innkjørsel på vestsida, kjør langs veggen, og sving inn i varehuset. Parker, fyll bilen eller hengaren med det du ønskjer, før du betalar og portane opnar seg på framsida for utkøyring. Stor plass til parkering og utkøyring. Ei heilt anna verd både for kundar og tilsette som ofte blei ståande ute i røffe forhold.

Svein, jostein, og Tor-Egil gler seg stort over nye arbeidstilhøve innandørs. Drive-in-delen av butikken blir den største forskjellen frå tidlegare, meiner dei. Her saman med salsleiar drive-in Marielle Ellingsen og Monica Cesar. 
Re-opning torsdag kl. 10

– Det blir kjempefint. Fantastisk. Så mykje betre plass, og så mykje lettare forhold å jobba under, seier Marielle Ellingsen, salsleiar på avdelinga.

– Tenk så glade kundane blir når dei kan køyre inn her når det regnar! Men no må eg vidare, smiler ho og forsvinn til fleire oppgåver.

No gler driftssjef Monica Cesar seg til å ta imot gjestar til opninga. Stoltheita lyser av både ho og dei andre vi møter. I overkant av 40 tilsette jobbar der.

No gjeld det berre å bli ferdig før snora blir klipt av ordføraren.

– Vi skal bli ferdig. Det gir energi og glede å kunne tilby dette varehuset, seier Cesar.

For femte gong er Ingunn Øvretveit på plass ved hagemarknaden på Obs Bygg. – Eg er her 2,5 månader i året, men bur i London, fortel ho.

Les også

keyboard_arrow_up