No flyttar Nav inn på Solsio

edit today
Flett nye lokaler, nye møblar i kreative og sosiale soner og free seating. Det blir litt av ein overgang for dei 88 Nav-tilsette å komme på jobb 1. mars, midt i Solsio Utvikling si sentrumsutvikling.

– Det er med skrekkblanda fryd eg tenkjer på den datoen når alle kjem på jobb og tenkjer: Kor skal eg gjera av meg?

Einingsleiar Nina Andersen går rundt i dei lyse lokala. Sola skin lågt og sterkt inn dei store vindauga. Solskjerminga er ikkje slått på enno, men blir det snart. Det er menneske som ber på kassar og møblar, og det står to flyttebilar utanfor.

– Kor skal eg sitta? 

– Desse lokala er heilt fantastiske. Det blir noko heilt anna enn det tradisjonelle vi har hatt til no. Eg har heller ikkje fast kontorplass, og anar ikkje kor eg skal sitta, seier ho medan ho smiler og ser seg rundt.

SAMKJØRTE: I leigekontrakten fekk Nav tilgang til interiørarkitekt Lene Heggland. – Ho har vore til stor hjelp, fortel einingsleiar Nina Andersen (i midten). Til venstre: May Britt Hevrøy frå SartorDrange, til høgre: Lene Haug frå Liegruppen.

Som første leigetakar er Nav snart klare til å opna dørene for dei tilsette. Dei fleste av dei har vore på heimekontor i snart to år. No skal dei tilbake til ein arbeidsplass som nok vil opplevast heilt ny. Reint fysisk er den nesten det. Berre dei tradisjonelle kontormøblane er med frå lokalet på Rådhuset. Eit lokalet som uansett var for lite etter kommunesamanslåinga. Dei nye lokala ligg langt meir sentralt plassert ved Grønaplassen vis-a-vis Sotra Kino.

– Eg trur det vil bety utruleg mykje å flytta hit. Det å komma saman i noko nytt der vi endeleg får starta bygginga av nye Nav Øygarden blir fantastisk, trur Andersen.

– Tenk på nyrekruttering då!

Lene Haug skyt inn. Haug jobbar for Liegruppen som saman med Kåre Bjorøy Holding deler 50/50 på selskapet som byggjer ut.

– Tenk kor attraktivt det kjem til å bli å jobba i Nav, fortset ho.

Har reist seg i rekordfart

Vi er på omvising i næringsbygget som er reist på rekordtid. Første spade gjekk i jorda i september 2020, og halvanna år seinare er Nav først ute med å flytte inn.

Soma Interiør & Kafé opnar dørene 24. mars, og Specsavers veka etter, 1. april.

FAKTISK SOL: – Det blir kalla baksida av Sartor, men det er ikkje skygge her. Det er sol. Vi lyg ikkje eingong, smiler May Britt Hevrøy. Nav får hovudinngang midt på bygget, og får hovudkontor i 2. etasje på aust og nordsida av Grønaplassen.

– Dette er og skal vera eit hybridbygg. Det vil seie ikkje reint kontorbygg, heller ikkje berre kjøpesenter og handel. Vi har vald kvalitetar som breiare gater og gangar og meir luft for å gjera det koseleg, forklarar Haug, som har ansvar for å finna dei rette leigetakarane.

– Er bygget blitt slik de drøymte om?

– Ja, vi er ærleg talt veldig stolt og fornøgd. Og så er det veldig gøy at det snart er ferdig. Det er det vi jobbar for, å sjå dei ferdige bygga, seier ho.

Vil skapa ein trivelig plass

Også Grønaplassen, og dei andre uteområda blir ferdigstilt denne veka. Når alt er klart vil ein finna torv frå Skogsvåg, og svært lokale einer, lyng og furutre.

– Vi håpar dette skal bli ein trivelig plass både ute og inne. Ein plass der ein får lyst til å setja seg ned på ein benk, og få lyst til å vera. Då må det vera lyst, trygt og trivelig, seier Haug.

– Ja, at det skal vera noko fint å sjå på når ein er på jobb eller bur her og ser ut vindauga, utfyller May Britt Hevrøy.

Ti-årsprosjekt, minst

Haug i Liegruppen og Hevrøy i SartorDrange er begge involvert i utvikling av prosjekta i heile Solsio Utvikling sitt område. Frå Bjorøygården og til rundkøyringa mot nord. Kåre Bjorøy eigde rundt halve området mot sør, Liegruppen mot nord. Saman stifta dei Solsio Utvikling.

– Då var det naturleg å begynna her, seier Hevrøy, og fortel om næringsbygg nr. 2 som også er reist. Bygget manglar leigetakar, og kan innreiast etter kven som vil inn.

I tillegg står eit leilegheitsbygg med 28 einingar klart. Der er berre éin ikkje seld. Ved sida av, altså på baksida av Grønaplassen og det gullfarga næringsbygget, er planen å byggja to leiligheitsbygg til. Men planane stoppar ikkje der. Store delar av denne austsida av Grønamyrvegen skal utviklast vidare i åra som kjem.

– Vi kjem nok til å halda på i minst ti år i dette området, trur Lene Haug.

TAKTERRASSE PÅ JOBB: Heile den 1000 kvadratmeter store 3. etasjen med denne takterrassen er ledig for utleige. – Tek nokon heile etasjen får dei denne terrassen heilt for seg sjølv, seier Lene Haug. Her saman med May Britt Hevrøy.

Slik er planane for Solsio Utvikling:

Les også

keyboard_arrow_up