Ny rekord for Krafttak mot kreft

edit today
Aldri før har bedrifter og enkeltpersonar i Øygarden vist større givarglede for kreftsaka.

Den førre rekorden var på 680 122 kroner og blei sett i 2019. Årets aksjon går med sine 701 781 innsamla kroner inn i historiebøkene som den høgaste summen nokonsinne.

– Dette er heilt vilt. Fantastisk. Eit eventyr!

Hans Jarle Einarsen har arrangert og organisert innsamlingsaksjonen sidan starten i 2011. Han innrømmer at han trudde det kom til å bli eit vanskeleg år for aksjonen, med tanke på koronakrisa. Men i krise blir ein kreativ, og brått blei det sett rekordar.

– Det er forferdeleg med korona, men vi måtte gjera dette på nye måtar, og det viste seg å bli suksess. I år tenkte eg at alt er betre enn ingenting, så det er knapt til å tru at vi har passert 700 000 kroner, seier Einarsen.

Krafttak mot kreft har ulike arrangement som til saman utgjer totalsummen:

Så mykje er samla inn frå 2011 og til 2021:

  • 2011: kr. 177 014,-
  • 2012: kr. 255 346,-
  • 2013: kr. 331 297,-
  • 2014: kr. 447 290,-
  • 2015: kr. 605 051,-
  • 2016: kr. 509 880,-
  • 2017: kr. 625 319,-
  • 2018: kr. 501 923,-
  • 2019: kr. 680 122,-
  • 2020: kr. 415 340,-
  • 2021: kr. 701 781,-

Totalt på 11 år: Kr. 5 250 365 ,-

– Det kjekkaste med aksjonen er engasjementet som blir spreidd. Alle ser kor viktig dette er. Eg må få seie tusen takk til alle som har vore med og gjort dette til eit eventyr å halde på med. Det er mange som skal ha takk, seier Hans Jarle.

Det er berre ein liten detalj som irriterar han. Og det er kor lett det gjekk for Benjamin Torsvik å bestiga Liatårnet 15 gongar.

– Litt irriterande at han var i så god form. Han var så god. Eg er mektig imponert. Eg kjenner det som berre det i beina, og eg gjekk berre fem turar. Han raste frå meg og ordføraren på siste turen, fortel Einarsen.

Les også

keyboard_arrow_up