Nye sju millionar til kriseramma bedrifter

edit today
Bedrifter som slit som følgje av den nye nedstenginga av samfunnet har no tolv dagar på seg til å søkja om inntil 600 000 kroner i støtte.

Utlysingsteksten er no publisert på regionalforvaltning.no og søknadsskjemaet er opent. Det er desse næringane som kan søkje:

  • Drosjebiltransport
  • Turbiltransport
  • Overnatting
  • Serveringsverksemder
  • Reisebyrå og reisearrangørar (inkludert oppleving-, arrangements- og aktivitets arrangørverksemd)
  • Leverandørar innan næring- og nytingsmiddel direkte knytt opp mot servering og overnatting
  • Aktørar som har direkte tap knytt opp mot avlyste arrangement, julebord etc. i gjeldande periode
  • Treningssenter
  • Frisering og annan skjønnheitspleie

Øygarden kommune har fått nye midlar for å avhjelpa lokale verksemder i følge COVID-19. På vegne av kommunen vil Øygarden næringsutvikling KF i samråd med Vest Næringsråd dela ut inntil kr. 6 799 000 innan 31. januar 2022.

– Eg er glad for at Vest Næringsråd får vera med i arbeidet med å hindra konkursar. Sjølv om det er tidkrevande arbeid å fordela slike krisemidlar, er eg overbevist om at medlemmane meiner det er nyttig at vi bidrar til dette, seier Rikard Ledang, dagleg leiar i Vest Næringsråd.

Midlane skal tildelast verksemder som påført tap av omsetning eller auka kostnadar i månadane oktober 2021 til og med 15. januar 2022.

Les også

keyboard_arrow_up